Helge Gudheim er særs godt nøgd med responsen og salet av den tre kilo tunge boka om kinning, bresing og ysting og kulturen rundt, som han gav ut for eitt år sidan.
Helge Gudheim er særs godt nøgd med responsen og salet av den tre kilo tunge boka om kinning, bresing og ysting og kulturen rundt, som han gav ut for eitt år sidan.

Mange vil ha ysteboka

Boka er slett ikkje smal, heller tvert om. Men så inneheld den også meir enn ost.

«Ysting i Valdres» heiter praktverket om ysting og ystetradisjon som kom ut i fjor. Etter ei oppteljing har forfattaren kome fram til at 1300 bøker er selt allereie fyrste året. Totalt vart 4000 bøker trykt opp, men boka er tidlaus og svært så aktuell både for notid og framtid.

Ystebibel

På mange måtar er boka for eit smalt publikum. Men på grunn av dei mange fine historiene i tillegg til ysteoppskriftar, er boka ein oppleving for alle som er interessert i meir enn berre ost. Boka stiller og kritiske spørsmål kring nedlegging av lokalt meieri i nabodalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Innhaldsrik

Ystebibelen til Helge Gudheim kom ut 6. mai i fjor. Han fortel at alle utgifter var betalt etter eit halvt år.

– Eg håpar interessa for boka kan halde seg i åra framover også. Målet mitt er at eg skal sleppe å ha med meg bøker på gamleheimen, seier forfattaren.

Boka er særs innhaldsrik, noko dei tre kiloa per bok indikerer.

Om kinning, bresing og ysting.
Om kinning, bresing og ysting.
Helge Gudheim er særs godt nøgd med responsen og salet av den tre kilo tunge boka om kinning, bresing og ysting og kulturen rundt, som han gav ut for eitt år sidan.
Helge Gudheim er særs godt nøgd med responsen og salet av den tre kilo tunge boka om kinning, bresing og ysting og kulturen rundt, som han gav ut for eitt år sidan.

Merksemd

TV2-kokken Wenche Andersen kom til Valdres for å lage innslag om boka. Per A. Borglund i Aftenpostens Mat fra Norge uttala at «Boka er overveldende i enhver forstand.». Bjørn Gabrielsen i Dagens Næringsliv uttala: «Selv den mest laktoseintolerante må berre nikke i stum beundring over alt nedlagt arbeid.»

Boka representerer ystetradisjonane i Norge, med utgangspunkt i Valdres.