Bølgen, med Kristoffer Joner (t.h.) i spissen, fenger eit breitt, norsk kinopublikum. Filmen har gitt oppsving på kinoane både i Ål og i Nes.
Bølgen, med Kristoffer Joner (t.h.) i spissen, fenger eit breitt, norsk kinopublikum. Filmen har gitt oppsving på kinoane både i Ål og i Nes.

Lokal kino er på Bølgen

Storfilmen Bølgen har fossa inn over kinoane i Hallingdal. For Ål kino var september månad 141 prosent betre enn i fjor.

– Det er voldsomme tal, og det er moro at det går den vegen. Det er klart, eit slikt resultat har alt med filmane å gjere, seier Lars Luksengard, kinosjef på Ål kino.

Populær katastrofe

Han kunne ikkje anna enn å glise då rapporten over besøkande i september månad kom frå Filmweb. September 2014: 991 kinogjester. September 2015: 2389. Auke: 141,1 prosent, mot 51 prosent auke på landsbasis.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nøyaktig kva som ligg bak slike tal er ikkje så lett å vurdere, men det er klart at Bølgen har vore bra for oss. I tillegg har mange sett Karsten og Petra på safari. I september i fjor hadde me derimot eit par filmar som svikta, mellom anna Beatles, seier han.

Breiare utval

Heile 2015 har så langt vore eit godt kinoår for Ål kino. 19,5 prosent fleire har løyst billett samanlikna med same tid i fjor. Auka er meir enn dobbelt så stor som både i Buskerud og i resten av landet.

– Me køyrer mange fleire titlar no i forhold til det me har gjort før, det kan ha eit utslag. Distributørane går breiare ut, og det er forhandla fram avtaler som gjer at me lettare får tak i filmar og kan tilby eit større utval. Det er først no i 2015 at det har gjort utslag for vår del, seier Luksengard.

Mange har teke turen til kinosalane i Ål og i Nes for å sjå korleis Karsten og Petra klarar seg på safari.
Mange har teke turen til kinosalane i Ål og i Nes for å sjå korleis Karsten og Petra klarar seg på safari.

Ønskjer meir

Nes kino merka òg Bølgen-effekten i september. Besøket var 42,8 prosent større enn i september i fjor. 598 kinogjester løyste billettar, og omtrent alle såg den norske katastrofefilmen. Til no i år har besøket ved kinoen auka med totalt 8,1 prosent.

– Me er nøgd med det, for håpet har vore å ligge på det same som i fjor. Per i dag viser me pluss minus to filmar kvar veke. Det er nivået me tek oss råd til. Reint fagleg skulle eg gjerne sett at me viste mykje meir film, og også smale filmar, men økonomien tillèt ikkje det no, seier kinosjef i Nes, Tor-Even Lysfjord.