Knut Utler stiller denne veka ut folkemusikkbilete på Thon Hotel Hallingdal.
Knut Utler stiller denne veka ut folkemusikkbilete på Thon Hotel Hallingdal.

Likar både miljøet og musikken

Fotograf Knut Utler ligg ikkje på latsida. Han har vore på Folkemusikkveka i Ål fire år på rad. Resultatet er ei fotoutstilling på Thon Hotel Hallingdal.

Eit femtitals bilete frå tidlegare års arrangement er hengt opp. Nokre viser spelemenn tatt på kornet og dansarar i aksjon, andre viser også miljøet rundt folkemusikken.

Sprøtt

Knut Utler blir rekna for å vere «folkemusikkfotograf», noko det ikkje er så mange av. Faktisk er han den einaste som har eit slikt spesialfelt.

Artikkelen held fram under annonsen.

I si tid var han journalist i Aftenposten, og dekte der fleire folkemusikkarrangement, Landskappleiken inkludert. Det var ikkje gitt at Aftenposten skulle interessere seg så mykje for folkemusikk.

– Fleire kollegaer meinte det var litt sprøtt at avisa skulle skrive om hardingfelemusikk, men responsen frå lesarane var god, fortel han.

Slutta

For 10 år sidan, i 2004, tok Utler sluttpakke i Aftenposten og har sidan livnært seg av å vere frilansar, hovudsakleg innan fotografi, og med natur og folkemusikk som særlege interesseområde. Eit tilbod om å vere festivalfotograf under Førdefestivalen i 2005 var også viktig for denne interessa.

– Eg har gradvis interessert meg meir og meir for sjølve folkemusikken, seier han.

Når langt

Knut Utler er no å rekne som fast inventar på mange folkemusikkarrangement på Austlandet. Det er likevel ei mistyding at Utler dukkar opp på «alle» folkemusikktilstellingar.

– Det gjer eg nok ikkje. Eg skulle gjerne ha vore på fleire. Eg har til no enno ikkje vore på kappleikar på Vestlandet, seier han.

Bileta blir lagt ut på facebooksida hans.

– Eg har gjort Facebook til mitt hovudmedium. Der når eg mange, og der ligg det og mange bilete ute, t.d. bilete frå rundt 300 konsertar eg har fotografert på Riksscenen sidan 2010, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Knut Utler reknar med at han bilete av rundt 500 norske folkemusikarar, pluss fleire hundre frå andre skandinaviske land. I alt blir dette eit stort arkiv, som spenner over heile spekteret av miljøet, frå ei yngste og til dei eldste veteranar.

Dokumentere

Men er dette til å leve av?

– Ikkje i vanleg forstand. Men eg har ikkje behov for å ha noka stor inntekt. Eg får dekt nokre kostnader og selt nokre bilete, og eg vonar også å få selt nokre av dei bileta eg stiller ut her i Ål, seier han.

Men dersom du ikkje kan leve av det, kvifor gjer du det då?

– Kall det gjerne ein hobby, eller ein lidenskap. Og så ser eg ein verdi i å dokumentere dette miljøet, som eg finn både spennande og hyggeleg. Eg likar folka eg møter, og eg likar musikken eg høyrer. Og så er det frigjerande å kunne arbeide i eit miljø der ein ikkje møter hindringar, slik ein gjer i pop- og rockemusikken. Der er det strenge reglar for kva ein kan fotografere, og når, seier han. Folkemusikken gir meg meir inntrykk av å vere sett pris på, seier Knut Utler.