Lene Storhaug.
Lene Storhaug.

Lene Storhaug syng jula inn

Fryd Scene sluttar året slik tradisjonen vår har vore dei siste åra – med ein julematinékonsert laurdagen før julaftan.

Lene Storhaug og bandmakker Øyvind Ekse har laga musikk saman i mange år. I 2013 slapp dei Storhaugs debutalbum, og dei jobbar no med andreplata. Etter mange konsertar i Oslo-området er dei klare for å spela i heimbygda att, og for dette høvet har dei fått med seg Arild Jensen.

Saman spelar dei jula inn med eit knippe utvalde vinter- og julerelaterte songar, både eigenkomponerte og gamle klassikarar.