Olaug Hoftun er glad i å skrive. Før var det mest noveller,  no skriv ho mest dikt. Dei kan fortelje så mykje, med berre nokre få ord.
Olaug Hoftun er glad i å skrive. Før var det mest noveller, no skriv ho mest dikt. Dei kan fortelje så mykje, med berre nokre få ord.

Leikar med orda

Var jeg en?Ble jeg en?Var det det jeg valgte?Skam.

Slik begynner Olaug Hoftun (18) frå Gol sitt dikt «Skam».

- Alle dikta mine som eg gjekk vidare med har blitt skrivne etter at eg har opplevd noko. Eg har prøvd å formidle korleis eg hadde det, og sjølv om dei ikkje nødvendigvis er i heilt same situasjon kan det nok treffe andre, trur ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

I sommar reiser ho til UKM-festivalen i Trondheim med dette og to andre dikt; Fanget og Glir forbi.

– Det var veldig overraskande. Det var så utruleg mange andre flinke med i fylkesmønstringa.

Skriv på stølen

Ho har vanskeleg for å kalle seg diktar, men må vedgå at ho likevel kan passe litt inn i kategorien. Ho er i alle fall glad i å skrive.

– Eg skriv mest når eg er på stølen om sommaren. Der er det ikkje så mykje anna å bruke tida på. Elles skreiv eg nyleg eit dikt på nattbussen.

Dikta kan hjelpe både når ein er glad og når ein er lei seg. Dei kan også vere med å analysere korleis ein har hamna i ein situasjon.

– Nokre gonger har eg skrive fleire dikt som belyser noko frå mange forskjellige sider. Både positive og negative, fortel ho.

– Kor lang tid bruker du på eit dikt?

– Nokre kan skrivast på 10–15 minutt, medan ein jobbar med andre i fleire år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Idé, stil og form

Hoftun meiner alle kan skrive dikt.

– Det er vanskeleg å gje nokon oppskrift, men eit utgangspunkt kan vere at ein har noko å uttrykke, ei form ein vil utforske eller ein stil ein vil teste ut.

– Er det mange ungdommar som skriv dikt?

– Eg anar faktisk ikkje. Det var vel eigentleg ikkje så mange som visste at eg skreiv heller.

Du knyter følelsene mine sammen

Tvinner dem til en løkke

Legger repet rundt halsen min

Strammer til jeg gisper etter luft

Så tar du to skritt tilbake

Strekker hånden ut

Ser på meg

Som i transe

tar jeg valget, uten egentlig å velge

Og med løkken som smykke

Kjærligheten som drøm

Tyngden i bena som eneste anker

Tar jeg et skritt ned og

f

a

l

l

e

r

mot din hånd

Det siste jeg ser

er hvordan munnviken din

krummer seg og smiler