B-karad’n trødde til med kulissar og god stemning under «Eg skal bli gift på morrakvisten». Tor Sletten i spissen.
B-karad’n trødde til med kulissar og god stemning under «Eg skal bli gift på morrakvisten». Tor Sletten i spissen.

Latter og korsong

Med ein nesten fullsett Sundrehall, fekk B-karad’n og Korinor ståande applaus frå eit engasjert publikum.

Laurdag kveld inviterte B-karad’n til konsert på Sundrehall, godt akkompagnert av gjester frå det bergensbaserte koret Korinor. I god tid før konsertstart var salen så godt som fullsett, og det runga av entusiasme og spenning for kva kora hadde å by på.

Kjærleik

Toastmasteren for kvelden, Odd Larsson Fjørtoft frå B-karad’n har også vore i Korinor tidlegare, og introduserte kvelden med å forsikre publikum at denne kvelden blir den beste korkonserten i Sundrehall hausten 2016.

Artikkelen held fram under annonsen.

Saman opna hallingkoret med nokre remser frå Edvard Grieg, før Korinor tok over scena og lovde mykje kjærleik. «Cotton Fields», «There’ll Never be Anyone Else But You», ein medley med fire gode låtar og hiten «Let Her Go frå» eit par år tilbake var bergenskorets fyrste songval. Dirigent Helge Riise serverte spøk på spøk om dei mannlege medlemmane i koret, til stor underhaldning for publikum.

Ståande applaus

B’karad’n tok deretter over for å blant anna framføre ein amerikansk shanty, arbeidssongar frå 1800-talet – og følgde opp med norske klassikarar. Mannskoret tok seg også tid til å flørte med den kvinnelege delen av publikum.

Begge kora var rause på humoren, og gjorde kunst i å engasjere publikum som klappa og stampa og song (litt) med. På dei tre siste låtane kom begge kora opp for å synge saman, og avslutta med «Reiselått frå Nes», noko salen sette stor pris på. Ståande applaus resulterte i eit ekstranummer, og Helge Riise tok seg god tid til å takke kvar enkelt på veg ut.

Full scene og full sal i Sundrehall laurdag kveld når B-karad’n og Korinor hadde konsert.
Full scene og full sal i Sundrehall laurdag kveld når B-karad’n og Korinor hadde konsert.