Pappa Bjørn Syvertsen med vesle Ellen på berre tre år. God positur er noko av det fyrste ein lærer.
Pappa Bjørn Syvertsen med vesle Ellen på berre tre år. God positur er noko av det fyrste ein lærer.

Lærer raskt utan notar

Ein japansk fiolinist hadde tydeleg noko for seg då han innførte morsmålsmetoden for musikkopplæring. Notar kan lærast seinare i livet.

Frå kvar ein krok på Bardøla smyg det ut klassiske tonar. Me tenkte vårt før møtet med 90 musikkelevar i alderen under eitt år til over 17 år, dei fleste utan å ha lært seg notar eingong. Men musikken var flott, og læremetoden tilsynelatande god.

Suzuki-metoden

Den japanske fiolinisten Shinichi Suzuki utvikla ein eigen opplæringsmetode for born. Han tok utgangspunkt i korleis me lærer å snakke og overførte dette til musikk. Alle er født med talent, ifølgje Suzuki. Her lyttar ein og etterliknar. Det gjeldt berre å få det fram på den enklaste og mest naturlege måten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vivaldi, Grieg, Mozart, Haydn, Bach og Beethoven er ypparlege utgangspunkt for undervisninga. Her går det i piano, fiolin, cello og gitar. Suzukis lærebøker vert nytta over heile verda. Då kan «Suzuki-ungar» frå alle land spele saman.

Dette er fjerde året med Suzuki-seminar på Geilo, men det 15. i rekka for Norsk Suzuki forbund. Minste eleven er åtte månader, og det er fleire andre som ikkje er stort eldre. Ein startar med barnesongar, men går snart over til kjende klassiske komponistar.

Å halde ein fiolin med rett positur kan vere ei øving i seg sjølv. Tre år gamle Ellen får hjelp av pappa Bjørn Syvertsen. Ho skal passe på at objektet som er lagt på fiolinen ikkje ramlar av. God positur er noko av det fyrste ein lærer. Det krev konsentrasjon.

Eit heilt og svært ungt orkester improviserer under dyktig guiding frå Vegar Vårdal.
Eit heilt og svært ungt orkester improviserer under dyktig guiding frå Vegar Vårdal.
Katsja Kobryn.
Katsja Kobryn.
Instruktør Martin Rüttiman vaks opp i ein musikalsk familie. Båe foreldra var Suzuki-metode-instruktørar. Dei grunnla den første Suzuki-skulen i Sveits.
Instruktør Martin Rüttiman vaks opp i ein musikalsk familie. Båe foreldra var Suzuki-metode-instruktørar. Dei grunnla den første Suzuki-skulen i Sveits.
Konsentrasjonen Suzuki-borna utviklar, tek dei med seg også seinare i livet. Her er det Elliot Rø (tv.v) og Care August Sponberg
Konsentrasjonen Suzuki-borna utviklar, tek dei med seg også seinare i livet. Her er det Elliot Rø (tv.v) og Care August Sponberg
Martin Rüttiman vaks opp i ein Suzuki-familie i Sveits. Han var ein av lærarane under Suzuki-seminaret på Geilo. No instruerer han Angela Lindstad, Elias Hannestad, Helen Kuusmik og Agnes Cecilie Nordby (bak f.v. 9, og Sara Hashemi, Elzè Lankelytè, Care August Sponberg og Elliot Rø (framme f.v.).

Konsentrasjonen Suzuki-borna utviklar, tek dei med seg også seinare i livet.
Konsentrasjonen Suzuki-borna utviklar, tek dei med seg også seinare i livet.
Anne-Berit Halvorsen er universitetslektor på Norges Musikkhøgskulen, innanfor områda musikkpedagogikk og musikkterapi. Suzuki-metoden kom ho borti då eigne born var små. – Då måtte eg til Danmark for å lære, fortel ho.

Ellen vil gjerne setje seg i fanget hans, men det går jo ikkje! Ho smiler og ler og prøver igjen. Instruktør Elizabeth Storm startar med detaljane, sjølv med desse små. Og det er imponerande korleis ungane følger med.

– Me har også folkemusikk og folkedans, fortel Anne-Berit Halvorsen. Ho er pedagogisk ansvarleg. Sjølv vart ho merksam på metoden då hennar eigne born var små. Halvorsen vart imponert over både det positive miljøet og pedagogikken.

– Energien, gleda og entusiasmen, og ikkje minst intuisjonen. Korleis ungane lærer «på øyra», fortel ho.

Fiolintime

Martin Rüttiman instruerer i fiolin. Åtte elevar står på rekkje og rad og speler. Notar er fråverande.

– De lærer så fort, no må de berre øve, smiler Rüttiman mot dei ivrige elevane.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg skal øve ein time kvar einaste dag i heile sommarferien, seier Sara Hashemi. Tommel opp frå læraren.

Rüttiman kjem frå Sveits. Han har metoden med frå barndommen. I dag er han leiar av European Suzuki Association. I Norge er det i dag ein 15–20 musikklærarar utdanna i metoden.

– Dei som sit i salen og lyttar er sjølv lærarar, fortel Halvorsen og nikkar mot publikum.

– God positur, minner Rüttiman elevane om. Og dei er straks på plass med olbogane.

Nytt læremønster

Katsja Kobryn har med seg familien på Suzuki-seminar. Sjølv gjekk ho på klassisk kulturskule i gamle Sovjetunionen. I to år prøvde ho å lære seg å spele fiolin. Det gjekk dårleg. No lærer ho seg instrumentet saman sonen Ivan.

– Ein går kortare steg om gongen med denne metoden. Men ein kjem mykje lengre, seier Kobryn. No høyrer me folkemusikk frå Bardøla-salen. Eit ungt orkester improviserer under kyndig leiing av Vegar Vårdal.

Det heile vart avslutta tysdag med gratiskonsert i Geilo kulturkyrkje.

* Utvikla av Shinichi Suzuki (1898–1998) var ein japansk fiolinis.

* Hadde som utgangspunkt at born lærer musikk med å lytte og etterlikne.

Born lærer å snakke lenge før dei lærer å lese. På same vis meinte Suzuki at ungane kan lære å spele instrumentet sitt lenge før dei lærer notar.

* Den musikalske lærlingen kan starte svært tidleg. Frå åtte månaders alder.