Ål kommune vil i gang med ei ny storutbygging når ein no inviterer til anbodskonkurranse for ombygging og utbygging av Ål kulturhus. Totalkostnad blir på 70 millionar kroner. Hallingdal Sjukestugu (i bakgrunnen) kosta 300 millionar og vart offisielt opna sist veke.
Ål kommune vil i gang med ei ny storutbygging når ein no inviterer til anbodskonkurranse for ombygging og utbygging av Ål kulturhus. Totalkostnad blir på 70 millionar kroner. Hallingdal Sjukestugu (i bakgrunnen) kosta 300 millionar og vart offisielt opna sist veke.

Kven skal bygge ut Ål kulturhus?

Før anbodskonkurransen er i gang er totalkostnaden for nye Ål kulturhus rekna til 70 millionar kroner, inkludert moms og intern byggjeleiing.

– No har me trykt på knappen og er i gang, seier Berit Heitmann, prosjektleiar i Ål kommune. Kommunen har knapt avslutta ei historisk utbygging på helsefronten før eit realt kulturløft står for tur. Anbodskonkurransen for å finne rett utbyggjar er i gang.

Totalentreprisen er på 50 millionar kroner. Inkludert moms, intern prosjekt- og byggjeleiing kan det bli 70 millionar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Val av entreprenør i juni

14. februar vart anbodskonkurransen for utbygging og ombygging av Ål kulturhus formelt opna.

Byggherren er Ål kommune, som i første omgang inviterer til ein avgrensa anbodskonkurranse. Håpet er å sitja att med minst fem tilbydarar på totalentreprisen i ei såkalla prekvalifisering.

Totalentreprise betyr at ein ønskjer éin part å samarbeide med, både for gjennomføring av prosjektet og sjølve utbygginga. Prosjektet er ikkje delt opp i delkontraktar, men ein totalentreprenør kan likevel engasjere underleverandørar til ulike delar.

Prekvalifisering betyr at kommunen på førehand vil vurdere kvalifikasjonar frå dei ulike entreprenørane. Denne fasen foregår fram til 6. april, der ein eventuelt inviterer minst tre, maks fem entreprenørar til å kome med konkret tilbod. Dette blir også kalla ein «samspel-entreprise».

Ambisjonen er å starte prosjektet i mai, med endeleg val av entreprenør 2. juni. Samspelfasen går utover hausten, med planlagt byggjestart over nyttår 2018.

Ferdig innan 2020

Det som er med i det nye prosjektet er landsdelsscene for dans, vaksenopplæring og frivilligsentral. I tillegg kjem ombyggingar av eksisterande tilbod, slik som kulturskule, bibliotek og kafe.

– Me kjem til å leggje opp til samdrift, der sambruk av ulike rom står sentralt.

– Kva får det å seie for vaksenopplæringa av asylmottaket på Torpo bli lagt ned?

Artikkelen held fram under annonsen.

– For prosjektet kan det bety eit rom til eller frå. Me må avklare endeleg arealbehov før me går i gang.

Om Nesch-museet blir ein del av utbygginga vil vise seg. Det er eit eige løp med avklaringar for denne.

Ferdigstilling av det heile er sett til 31. desember 2019, nærare to år etter første spikarslag.

– Men pris er viktigare enn datoar. Datoane er rettleiande og noko me kan forhandle om, opplyser Heitmann.