Torleiv Bøygard vart tildelt kulturprisen i Gol for 2014.
Torleiv Bøygard vart tildelt kulturprisen i Gol for 2014.

Kulturpris til knivmakar

Gol kommune gir kulturprisen for 2014 til Torleiv Bøygaard.

Prisvinnaren har brukt store delar av livet til å lære seg gamle handverksteknikkar som lagging, sveiping og treskjering, teknikkar som går heilt attende til jernalderen. Han har utført restaurering av mellom anna gamle skap og kister og hans arbeid og gode rykte er kjent langt utover Hallingdals grenser.

– Bøygard har eit godt humør og ein smittande latter. Han har ei sjeldan evne til å skape eit godt sosialt miljø. Gleda av å lære handverket til andre er sterk, og hans langvarige innsats har gått føre seg utan nokon som helst form for kompensasjon, sa Sveid Eide. Han overrekte prisen på vegner av kulturutvalet i kommunestyresalen tysdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Prisvinnaren har lært teknikkane vidare til nye generasjonar. I fleire tiår har han halde kurs i kjellaren på Gamle sjukeheimen på Tuppeskogen. Det er mange heimar i Gol som har flott elevarbeid utført under prisvinnarens kyndige rettleiing. I tillegg til å ta vare på ulike teknikkar for å lage bruksting, har han også lært vekk kunsten å lage bunadskniv.