- Eggedalsvegen er ei spennande oppleving, skriv Rebecca Nedregotten Strand.

Kortreiste bomeventyr

Denne sommaren skal nordmenn feriere i Norge. Truleg er det mange som klør seg i hovudet og lurer på kvar dei skal reise. Då kan kanskje boka «Bomtur» vere nyttig.

Rebecca Nedregotten Strand er ein tidlegare NRK-medarbeidar som elskar å køyre bil.

– Helst på grus. Denne boka er ein lovsong til bilturen, skriv ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hennar bilturar går ikkje på moderne firefelts asfaltvegar. Nei, dei går til dei bortgøymte bomvegane som det er så mange av rundt i Norges land.

- Boka er ein ode til vegar ein må ha god tid for å køyre på. Dei som gjerne tek deg høgt opp og langt innover.

Utanfor allfarveg

Bak vegbommane ligg kortreiste eventyr som er tilgjengelege for alle, mot nokre kroner i avgift. Opp til ville tindar og inn i gøymde dalar. Der har ho funne interessante menneske, dramatisk natur og spennande historier.

Frå boka: Her burde eg ha sykla, seier Rebecca Nedregotten Strand. Frå Fanitullvegen ved Fjellstølen i Leveld.

Bør syklast

Fanitullvegen mellom Hallingdal og Hemsedal er ein av vegane ho har køyrd. Med utgangspunkt i det tidlegare kunstnarmiljøet i Leveld tek ho seg over fjellet, forbi Flævatn og ned Holdeskaret – med dårleg samvit:

- Denne vegen burde eg ha sykla, seier ho til seg sjølv. For det er først og fremst som sykkeloppleving denne vegen blir marknadsført. I staden har ho brukt god tid med SUV-en sin og gjort avstikkarar langs dei mindre bomvegane ut frå Fanitullvegen.

Eit utval

I våre nabotrakter har ho m.a. køyrd Tindevegen mellom Årdal og Luster, Osafjellsvegen i Ulvik, Vassfarvegen i Sør-Aurdal og Eggedalsvegen i Nore & Uvdal.

Om Eggedalsvegen seier ho:

- Har du sett ein bom, må du ikkje tru du har sett alle. For denne bommen ber lovnad om den type tur ein håpar å finne, men sjeldan opplever no for tida.

Artikkelen held fram under annonsen.

I alt 34 vegar har ho besøkt med stipend frå Norsk faglitterær forfatter- og oversetterforening (NFFO).

– Ja, faktisk mange fleire. Boka kunne ha vore mykje tjukkare, seier ho. Men desse 34 er no det utvalet som er gjort, skapt av tilfeldigheiter og praktiske omsyn, skriv ho.

Rebecca Nedregotten Strand.

Opptur

Rebecca Nedregotten Strand har denne oppmodinga til dei som les denne boka:

– Ein grusvev full av eventyr ligg og ventar på deg. Tilgjengeleg for alle, men kjend for dei få. For ein bomtur treng ikkje vere ein nedtur. Han kan fort bli det motsette om du vel den rette vegen. Berre lov meg ein ting: Ikkje snik!

Boka: Rebecca Nedregotten Strand: Bomtur.

Bokfakta:

Bomtur.

Rebecca Nedregotten Strand.

Reisebok/faktabok.

320 sider.

Artikkelen held fram under annonsen.

Skald forlag.