Marit Larsen.
Marit Larsen.

Klart for Sundreball

Marit Larsen kjem. Det same gjer Valentourettes og Biru Baby. Men Sundreball handlar framleis meir om festivalkjensla enn om dei store headlinerane.

– Det er noko med å skape festivalkjensla. At du har sett av kvelden eller helga for å reise på festival, men du veit ikkje heilt kva du skal få høyre. Overraskingsmomentet, at du plutseleg berre «jøss, dette var kult», i tillegg til god stemning utanom musikken.

Kvar sin kveld

Erlend Medgard er klar for runde tre. Saman med Øystein Etterlid arrangerer han festivalen Sundreball, som går av stabelen denne veka frå torsdag til laurdag. Tre konsertdagar midt på vinteren midt i Ål sentrum.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me prøver å lage noko meir ut av det enn ein fest der du må ha eit stort namn på plakaten for å få folk til å koma. Det skal vere arrangementet som er greia, det skal vere Sundreball. Alle skal kunne finne sin kveld. Det trur eg er viktig for å skape ein levedyktig festival, seier Etterlid.

Breitt program

Årets Sundreball-artistar er likevel ingen kven som helst. Torsdag opnar Marit Larsen festivalen. Fredag går Ziggy Wild og Biru Baby på scena med høvesvis estisk og samisk rock, og laurdag blir det barnekonsert og musikkquiz på dagtid. På kvelden heidrar Valentourettes Joachim «Jokke» Nielsen, lokale Svarteper byr på skranglete folkrock og countryrockbandet Ni Liv spelar opp.

– Årets lineup er vel den beste som har vore på Sundreball, så dette trur eg blir veldig moro. Det er ein kombinasjon av ganske kjente musikarar og litt meir ukjente. Det er veldig flinke folk som kjem og spelar for oss, og det skal vere variasjon og noko for alle, seier Medgard.

– Lavvoen er oppe. No står det berre att litt rigging, så er alt klart, seier Etterlid.