Inne i Ål kulturhus var det også rigga til juleverkstad til førpremieren på filmen «Snekker Andersen og julenissen».
Inne i Ål kulturhus var det også rigga til juleverkstad til førpremieren på filmen «Snekker Andersen og julenissen».

Kinomaraton med forsmak på jula

Tre gutar omfamna julestria med sjølvaste snikkar Andersen. Likevel vil dei også få med seg filmar med troll, råkøyring med bil og på ski.

I Ål kulturhus går køen for å sikre seg snop nesten heilt til utgangsdøra.

Opplading med lykketrollrock

Husbandet speler lykketrollrock og nokre av dei frammøtte er utkledd nettopp som lykketroll. Alt ligg til rette for barnefilmane «Trolls» og «SVK – Store Vennlige Kjempe». Og mens snøen lavar ned på utsida, er det ingenting å seie på stemninga inne under kinodagen på Ål laurdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tek kinodagen heilt ut

Olai Brattabø Torgersen (6) har akkurat sett førpremieren av «Snekker Andersen og julenissen», saman med søskenbarna sine Sigve (6) og Torjus Torgersen Kronholm (5). Og dei har i alle fall ikkje planar om å gå heim heilt enno. Olai fortel han har sove ute i snøen med lavvo natta før, så han har alt testa årets første snø.

– Kva er neste film på programmet?

– Eg skal sjå «Trolls». Sigve vil sjå «Børning 2» og til slutt håpar me også å få med oss skifilmen «Supervention 2».

Olai Brattabø Torgersen (6), Sigve Torgersen Kronholm (6) og Torjus Torgersen Kronholm (5) tek ein pust i bakken, før dei er klare for film nummer to.
Olai Brattabø Torgersen (6), Sigve Torgersen Kronholm (6) og Torjus Torgersen Kronholm (5) tek ein pust i bakken, før dei er klare for film nummer to.
Kulturhusleiar Anita Borrmann Skoglund og informasjonsansvarleg Torun Torsteinsrud var kledd for lykketrollrock.
Kulturhusleiar Anita Borrmann Skoglund og informasjonsansvarleg Torun Torsteinsrud var kledd for lykketrollrock.
Tuva Ekse Lien (3) måtte ha seg ein tur innom bordet med juleverkstad etter å ha vore på kino i lag med farmor Sølvi Ekse Jensen.
Tuva Ekse Lien (3) måtte ha seg ein tur innom bordet med juleverkstad etter å ha vore på kino i lag med farmor Sølvi Ekse Jensen.
Snop høyrer sjølvsagt til under årets kinodag. Då Hallingdølen tok turen innom stod køen nesten heilt til utgangsdøra på Ål kulturhus.
Snop høyrer sjølvsagt til under årets kinodag. Då Hallingdølen tok turen innom stod køen nesten heilt til utgangsdøra på Ål kulturhus.

- Og kva er det beste kinogodteriet?

– Det er popkorn og baconsnacks, seier Torjus med eit smil medan han fyller på med litt munngodt.

Kino med farmor

Tuva Ekse Lien (3) har funne saks og glansa papir på bordet der det er rigga til juleverkstad saman med farmor Sølvi Ekse Jensen. Dei har også akkurat sett filmen om snikkar Andersen.

– Han hadde mange julegåver, seier Tuva.

– Gler du deg til jul?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Jau då, eg gjer det, seier ho.

– Det gjekk veldig bra, sjølv om det kanskje var litt skummelt til tider og lenge å sitje stille. Så det held med ein film, seier Ekse Jensen lurt.

Slo fjorårets besøkstal

Kinodagen blir arrangert over heile landet. På Ål vart det vist 12 filmar på 12 timar, og noko for kvar ein smak. Mellom slaga vart det også køyrt konkurransar og trekt ut premiar.

Talet på kinobesøk landa på 927. I fjor var det om lag 800 besøkande.

– Me slo fjoråret, det er me godt nøgd med. Me hadde bra med folk gjennom heime dagen og spesielt på barnefilmane. Me ser attende på ein spennande og fin dag med høg hårføring blant dei tilsette, seier kulturhusleiar Anita Borrmann Skoglund.