Den store kinodagen. (Arkivfoto)
Den store kinodagen. (Arkivfoto)

Kinofest

Laurdag er det igjen tid for Den store kinodagen, ein festdag der kinoar over heile landet byr på halv pris på kinobillettar, utvida program, konkurransar og overraskingar.

Ål kino deltek og syner 12 filmtitlar i løpet av laurdagen. Eit barnekor bidreg med musikk, det blir kinosafari, og publikum kan få møte den ekte Bulle frå Doktor Proktor-filmen (Eilif Hellum Noraker). Vil du sjekke balansen, kan du prøve deg på slakk line eller sjå Ål klatreklubb demonstrere.