Silje Risdal Liahagen gjer seg klar til scena.

Kampen om kongepokalen - me følgde dei lokale håpa. Ei av dei er i finalen

Det er fredag ettermiddag. Kampen starta om det gjævaste trofeet under Landskappleiken. Kongepokalen. I år er den sett opp i klassen Vokal A.

Det er dei flinkaste av dei flinke som skal synge på scena i Gol Idrettsarena .

Utøvarane kjem på. Det er heilt stille blant publikum. Alle i salen lyttar på dei vakre tonane som kjem frå scena.

Artikkelen held fram under annonsen.

Høgt nivå

Den fyrste hallingen inntek scena. Det er Inger Marie Lien Rust. Ho representera Gol spel- og dansarlag. Ho syng ei folketone frå Hallingdal, etterfølgt av nokre småstubbar ho sjølv har sett saman frå Hallingdal.

Inger Marie Lien Rust syng vakre folketoner på Landskappleiken.

Ei stund etter er det Margit Myhr sin tur. Ho syng for Gol spel- og dansarlag. Det er åtte år sidan sist ho deltok, og då vann ho sjølvaste kongepokalen. Ho smiler når ho kjem inn, set seg i stolen og syng. Klokkeklart. «Min gud jeg vil prise vil med flid» syng ho. Publikum klappar. Den siste er ein springar, «Asle-Knut».

Margit Myhr opptrer for fyrste gong på åtte år på landskappleiken.

Siste halling ut er Silje Risdal Liahagen. Ho representerer Ål spel- og dansarlag. Før ho skal opp på scenen får me vera med bak, mens ho førebur seg på songane sine. Det er heilt mørkt bak, forutan eit enkelt scenelys. Der sit ho. Ho har lukka auga, kanskje ser ho for seg melodien i hovudet? Det kan ikkje underteikna vite. Etter nokre tøyeøvingar og nokon lange pust er ho klar. Den fyrste songen er ei vise «Et spørsmål jeg vil spørre», også ein hallingspringar «Brennheiten».

Silje Risdal Liahagen sit i mørket og konsentrerer seg før songen sin.
Ho syng vakkert!

Kunnskapsrikt publikum

Etter klassen er over skal eg møte utøvarane frå Hallingdal. Dei har dårleg tid. Rett etterpå skal to av dei spele i urpremieren av «Rotneims-Knut». Inger Marie Lien Rust skal spele i Reveenka, og har alt skifta til reve-kostyme. Ho rekk ikkje stille til bilete.

Margit Myhr og Silje Risdal Liahagen skal spele «Rotneims-Knut» rett etter klassa.

Korleis har det gått?

– Trur det gjekk greit, seier Margit Myhr.

Ho fortel at ho klarar ikkje heilt å slappe av enno, for dagen er langt frå over for henne. Ho skal på scenen igjen om eit par timar.

– Det er stas å synge framfor og på same scene som så mange gode folk, smiler Silje Risdal Liahagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ja, ein føler seg veldig privilegert når ein kan synge for eit så kunnskapsrikt og lyttande publikum, nikkar Myhr.

Det er stort, fortel dei. Og at klassen har eit så høgt nivå, gjer det ekstra gøy.

– Og så er det gøy at ein kan finne ein song ein likar og vil synge, og får moglegheita til på gjere det, seier Liahagen.

Så må dei springe. Dei har ei lydprøve dei må rekke.

Til finalen

Sundag får me svaret. Men alt fredag kveld får me ein peikepinn. Tre av utøvarane er plukka ut til finale laurdag kveld.

To av dei er Anne Gravir Klykken, Spelemannslaget Vårlengt og Synnøve Brøndbo Plassen, Hedmark Folkemusikklag.

Den tredje er Margit Myhr ...