Frå venste: Kulturskulelærar Marit Sehl, med songelevane Eira Maria Kaslegard (12), Stella Solberg Skalle (12), Sophie Myren Steinnes (16), Frida Gudbrandsgard Kollhus (16), Anne Holeplass Wathne (13), og Nora Karterud Sørensen (12).

Julestemning på Sehl

I 2020 vart alle skulane i Ål Syngende skoler. Tysdag kveld spelte dei inn ein julesongstund for elevar i heile landet.

Tysdag hadde fleire av songarane og dansarane frå Ål kulturskule møtt opp på garden Sehl i Votndalen. Her skulle dei delta på innspeling av ein julesongstund som vil bli tilgjengeleg for alle syngande skular i heile landet den 1. desember.

– I år har Syngende skoler arrangert fleire songstunder nettopp på grunn av koronaviruset. Det er ikkje så lett for skulane å arrangere avslutningsfestar i dag, så då må ein tenkje litt alternativt, seier prosjektleiar Gunhild Gåsvik.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Ei «sehlsom» oppleving

Stort digitalt publikum

Ein syngande skule satsar på song og musikk som ein aktiv del av skulekvardagen, og i 2020 melde alle skulane i Ål kommune seg på prosjektet. I løpet av tysdagen spelte elevar frå Ål kulturskule inn fleire julesongar som vil hamne i Syngende skoler sin «songbank». Det betyr at elevar ved dei 120 skulane i Norge som er med, kan få glede av den digitale konserten.

– Men i romjula vil sendinga bli tilgjengeleg for alle som ynskjer å sjå, seier Gåsvik.

Elevane var tolmodige og gjorde gladleg fleire opptak. Minusgradene korkje såg eller høyrdest ut til å verke inn på prestasjonane. Alle svara samstemt at det var ei koseleg oppleving.

Ein ordentlig rigg frå Hallingdal lyd var sett opp for høvet. Opptaka vil bli tilgjengeleg for alle i jula.
Les også
Både julesongar og Bach på repertoaret

– Ei god stund

Det var Hallingdal lyd og Gunhild Gåsvik som stod for sjølve innspelinga. Kulturskulelærar Marit Sehl, som bur på garden Sehl, var med elevane og song. Etter at songopptaka var ferdige, vart scena rigga om til dans. Her var det også elevar frå kulturskulen som stod framfor kameraet.

– Eg synest det har gått kjempefint. Det er noko med settingen når ein kjem opp på ein gamal gard, seier prosjektleiar Gunhild Gåsvik etter innspelinga. Ho opplevde det som ei god stund for elevane.

– Dansarane ville ikkje reise heim etterpå, ler ho. Det trass i at settet var utandørs i snøen. Vedstablar, nissar og julelys sørgde for ei solid julestemning på garden.

Dansaraen held varmen under opptaka. Her ved siste gjennomgang før kameraet tok til å rulle.
Les også
Endeleg på plass i nye lokale