Det gjekk unna i det årvisse juleshowet på Langedrag.
Det gjekk unna i det årvisse juleshowet på Langedrag.

Jul med meining

Juleshow på Langedrag er ikkje berre nissar og dyr. Det har også ei djupare meining.

For inntektene frå det årvisse julearrangementet ein laurdag tidleg i desember blir alltid gitt til eit velgjerande formål.

– Me bidreg til noko utanfor oss sjølve, seier dagleg leiar Tuva Thorson.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gir meining

Kva for organisasjon eller formål som får billettinntektene frå denne dagen varierer.

I år går inngangspengane, som dei siste åra har ligge frå 60.000-80.000 kroner, til eit julearrangement for Fattighuset og Oslo slumstasjon. Initiativet kjem frå dei tilsette på Langedrag. 2. juledag kjem besøk frå Oslo. Då har besøket heile Langedrag for seg sjølv i to dagar.

– To bussar er fulle, og det er lange ventelister, seier Thorson.

Raudnissar og blånissar kom ridande til Langedrag frå Månetoppen og Blåfjell for å møtast til duell på Langedrag.
Raudnissar og blånissar kom ridande til Langedrag frå Månetoppen og Blåfjell for å møtast til duell på Langedrag.
Dagleg leiar på Langedrag, Tuva Thorson.
Dagleg leiar på Langedrag, Tuva Thorson.

– Kven kjem?

– Det er familiar og einslege, men også ungdom. Mange har ikkje vore på fjellet før, seier Thorson, og rosar dei tilsette for tiltaket.

– Dette gir meining. Og dei tilsette her skal ha æra for det.

Juleshow

Det dukka opp både blånissar og raudnissar på Langedrag laurdag.

For nissane kom, slik dei gjer år etter år, ridande frå Månetoppen og Blåfjell for å konkurrere mot kvarandre i nisseleikane. På ridebanen målte dei kvarandres styrke i spenst, hurtigheit og presisjon på hesteryggen. Det årvisse juleshowet samla i år som tidlegare mykje folk. Og med nisseverkstad, julemarknad, graut på låven og kanefart fekk dei det dei kom for: Ein triveleg førjulsdag.