Dommarane vurdera deltakarane etter arbeidsteknikkar, orden, smak, og presentasjon. – Me vart veldig imponerte av kor roleg og ryddig Vilde jobba, fortel dommarane i si evaluering av den unge konditoren.

Imponerte under NM i yrkesfag

Det gjekk unna då unge yrkesfaglærte konkurrerte om tittelen norgesmeister.

Men hallingen let seg ikkje stresse. To representantar frå Hallingdal, Vilde Nistad Strandos og Chrisander Bringo Asgrimplass, deltok i NM i yrkesfag som gjekk av stabelen i Trondheim denne veka. Ein konditor og ein anleggsmaskinførar. Begge imponerte.

God teknikk

Artikkelen held fram under annonsen.

Han må innrømme at han er noko nervøs. Chrisander Bringo Asgrimplass skal snart ut i elden. Det er klart for den andre av tre etappar for nesningen, nemleg hjullastar. Ei hinderløype skal trakterast. Pallegaffelen og ein skuff skal av og på, ei bytte med vatn skal fraktast rundt hinderløypa med minst mogeleg søl.

Han møter tøff konkurranse. Som den yngste i klassen, har nok dei med fire år meir erfaring eit fortrinn.

– Eg er nok meir nervøs enn han, innrømmer ein spent far frå sidelinja. – Å køyre ein maskin av eit heil anna slag enn ein er vane ved, er jo som å ta førarprovet i ein bil du aldri har vore borti.

Det har vore både lærarrikt og kjekt å vere med på NM i yrkesfag, meiner Chrisander Bringo Asgrimplass. – Og så treff ein jo mange andre innanfor same yrkesgruppe!
Det har vore både lærarrikt og kjekt å vere med på NM i yrkesfag, meiner Chrisander Bringo Asgrimplass. – Og så treff ein jo mange andre innanfor same yrkesgruppe!
Det endelege resultatet er klart. Med 17. mai og grunnlovsjubileet som tema, let Vilde Nistad Strandos seg inspirere. Resultatet er imponerande. Riksvåpenet og stetta maten er plassert på er av sjokolade.

Under årets norgesmeisterskap i yrkesfag stakk golingsjenta Vilde Nistad Strandos av med tittelen norgesmeister ung konditor 2014.
Under årets norgesmeisterskap i yrkesfag stakk golingsjenta Vilde Nistad Strandos av med tittelen norgesmeister ung konditor 2014.
– Det er ikkje akkurat dette eg driv med til vanleg, fortel Asgrimplass, medan han stig inn i hjullastaren og gjer seg klar for hinderløypa.
– Det er ikkje akkurat dette eg driv med til vanleg, fortel Asgrimplass, medan han stig inn i hjullastaren og gjer seg klar for hinderløypa.
Bak glasruta står fem unge konditorar. På utsida er det spent stemning. – Eg er nok meir engsteleg eg enn Vilde. Men så langt ser det veldig bra ut, fortel Ole John Berntsen som er sjef ved Naustdal Dampbakeri der Vilde Nistad Strandos er tilsett.

Det ser kanskje ikkje slik ut, men dette riksvåpenet består berre av sjokolade. Vilde Nistad Strandos innrømmer at det ligg mange øvingstimar bak denne figuren.
Det ser kanskje ikkje slik ut, men dette riksvåpenet består berre av sjokolade. Vilde Nistad Strandos innrømmer at det ligg mange øvingstimar bak denne figuren.

Men Chrisander får skryt for å halde hovudet kaldt. Han let seg ikkje stresse av korkje publikum eller dommarar. Presisjonen er god og HMS-krava er oppfylt til punkt og prikke. Han hamnar på ein fin tiandeplass av 30 deltakarar.

Fin plassering

Tre dagar seinare er det ein godt nøgd nesning som set nasen mot Hallingdal att. Gravemaskin, hjullaster og dumper – på alle etappane viste Chrisander at han fortente plassen som Buskerud sin representant. Han er tilfreds med både resultatet og innsatsen.

– Eg syns eg gjorde ein god jobb, og det er vel det viktigaste, seier Asgrimplass.

Han legg til at det har vore ei fin erfaring å ta med seg, sjølv om deltakinga kom litt brått på han.

– Det var ikkje eg som melde meg på. Eg fekk berre førespurnad frå opplæringstilsynet.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Jaha?

– Eg trur det er ein luring som har meldt meg på utan at eg veit det. Det må ha vore gamalsjefen min, smiler han lurt.

Spent stemning

Høgt tempo har det også vore på kjøkkenet under NM i Trondheim. Bak glasveggen står golingsjenta Vilde Nistad Strandos og lagar kunst. Matkunst. Temaet er 17. mai og grunnlovsjubileet. Det skal lagast konfekt, småkaker, sjokolade og marsipanfigurar, i tillegg til ei stor kake. Alt det på berre 6 timar. I tillegg skal det pyntast og danderast etter beste evne. Då gjeldt det å vere stødig på handa.

Få centimeter unna står publikum og fylgjer den unge konditoren med nysgjerrige blikk. Dei let seg imponere av 21-åringen.

– Sjå så fin den marsipanfrukta vart då! Og så roleg som ho er, utbryt ein av tilskodarane.

– Wow! Ser ut som ho har jo stålkontroll, svarar sidemannen.

Bak Vilde tuslar dommarar med jamne mellomrom. Dei nikkar nøgd til kvarandre.

Soleklar siger

Det er fem slitne, men letta konditorar som kjem ut frå kjøkkenet etter seks timar. Presentasjonane deira imponerer både dommarar og publikum.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Nivået har vore skyhøgt, men det er eit stykke frå andreplassen og opp til fyrsteplassen, fortel dommar Cathrine Nilsen frå det norske konditorlandslaget.

– Og vinnaren er: Vilde Nistad Strandos!

Ein stolt norgesmeister tek imot gullmedaljen og eit diplom.

– Eg hadde jo håpa på det, men då eg såg kor flinke dei andre var, mista eg litt trua. Men det er kjempeartig, seier Strandos.

Sjefen hennar frå Naustdal Dampbakeri, Ole John Berntsen, trippar etter å gratulere gullvinnaren.

– Eg er kjempestolt! Det ligg mykje trening bak dette.

Det kan norgesmeisteren stadfeste: – Eg har ikkje gjort noko anna enn å øve til dette i ein og ein halv månad. Inkludert helgar. I ei veke stod eg berre og laga marsipanfrukt. Eg er så lei marsipanfrukt, seier ho med eit smil.

No ventar ein internasjonal konkurranse på norgesmeisteren. Men kor turen ber, er ikkje klart enno.