Abobakar Tsitskiev.
Abobakar Tsitskiev.

Ikkje vidare i Norske Talenter

Abobakar Tsitskiev (16) frå Ål kjem ikkje vidare i TV2-programmet Norske Talenter.

 Dette vart klart fredag. Han har vore med i programmet etter å ha stilt opp på audition med sin spanske gitar og følsame melodiar. Eit av måla med å stille i konkurransen var å spreie den spanske musikken, som han er vorten så glad i. Han har miksa tradisjonelle songar til sin eigen stil.