Igloen er klar. Måndag til sundag er det isfestival på Bergsjøen i Ål.

Igloen klar - rommar meir publikum enn fyrst tenkt: – Folk har jobba godt. Eg er veldig fornøgd

Måndag kveld starta festivalen og held det gåande til over midnatt natt til sundag. Har du ikkje skaffa deg billett, får du ny sjanse no

Terje Isungset inviterer til den 19. isfestivalen, på Bergsjøen i Ål. Ice Music Festival Norway har blitt ein tradisjon som kvart år samla ismusikkfrelste i fjellheimen.

Årets festival er strippa ned utan nokon hovudscene. Alle konsertane blir haldne i ein nyleg bygd igloen, som no viser seg å romme fleire publikummarar enn planlagt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me trudde me berre kunne selje 20 billettar. Men igloen vart såpass mykje større at me nesten kan doble talet, fortel Terje Isungset.

Dermed er det ein liten sjanse til å få med seg ismusikk, dersom du ikkje alt ha skaffa deg billett. Før igloen vart utvida var det utselt.

Sterk vokaltrio

Terje Isungset er sentral gjennom heile festivalen, som i år er av ein meir meditativ art. Det er ikkje dei store sceneshowa, for å seie det slik. I staden er det isen og naturen som skaper både stemning og musikk.

Isungset har med seg sterke vokale utøvarar. Folkemusikar Berit Opheim, multikunstnar Thea Hjelmeland og joikar Torgeir Vassvik. Dei vil på kvar sine konsertar bidra med vokal til Isungsets ulike variantar av istonar.

Onsdag på dagtid blir det konsert spesielt lagt til rette for ungar. Torsdag er Vassvik aksjon, fredag Thea Hjelmeland og laurdag Berit Opheim.

Du har sikkert sett Eiffeltårnet før, men ikkje i is! Utforminga er gjort av Petter Bergerud (Universitetet i Bergen).

Eiffeltårnet

Igloen vart ferdig bygd i helga ikkje langt frå Bergsjøstølen fjellstue. Innvendig er den utsmykka av Gunnveig Nerols isarbeid frå 2021, bygd på FNs berekraftssymbol.

Arenaen har til og med fått sin eigen isskulptur, og ingen kva som helst skulptur. Det er Eiffeltårnet me får sjå, denne gongen i is, utforma av arkitekt og designer Petter Bergerud (Universitetet i Bergen).

Terje Isungset i aksjon på Geilo, eit opptaksom vart vist på kinesisk TV under nyttårsfeiringa der.

– Folk har jobba godt med arenaen. Eg er veldig fornøgd, fortel Terje Isungset som lever sitt hektiske isliv som før. Nyleg var han med på kinesisk TV si nyttårsmarkering, med innslag spelt inn på Geilo. Sist veke var han i Mo i Rana og spelte til bilete prosjektert i ein hoppbakke. Veka der før var han i aksjon med sine isinstrument på Weissensee i Austerrike.

Artikkelen held fram under annonsen.

Og neste stopp: Ismusikkfestival på Grønland.