Ellen Horn, teatersjef ved Riksteatret, kjem til Ål for opne den nye Nesch-utstillinga i november.
Ellen Horn, teatersjef ved Riksteatret, kjem til Ål for opne den nye Nesch-utstillinga i november.

Horn opnar ny Nesch-utstilling

Måndag 3. november opnar ei ny utstilling av Rolf Nesch sin grafikk frå teaterlivet i Nesch-museet i Ål.

Utstillinga femnar om både teikningar, litografi og metalltrykk frå perioden 1946 til 1950. Det var også i dei åra den tysk-norsk kunstnaren for alvor slo rot i Norge.

Frå Oslo til Ål

Med den nye grafikken frå teaterlivet vann han også attende den kunstneriske posisjonen sin i Tyskland. Samstundes hadde han suksess med utstillingar i både New York og andre byar i USA.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då Rolf Nesch flytte frå Oslo til Ål i 1951, var det altså ein kjend og aktiv kunstnar som slo seg ned her.

Teikningar og skisser

I utstillinga som opnar i Ål om knappe to veker syner Rolf Nesch både som nyskapande grafikar og som kunstnar med særskilde interesser for teater. I tillegg blir det vist fram mange av dei teikningane og skissene som han laga frå desse førestillingane.

Utstillinga opnar same dag som Riksteateret spelar førestillinga «Litt av eit par» i Ål kulturhus. Det er eit samantreff som ikkje er heilt tilfeldig. På utstillinga kan du sjå korleis Nesch fylgde Det Norske Teatret gjennom det krigsherja Finnmark i 1947. På førestillinga skal også tidlegare kulturminister og noverande teatersjef på Riksteatret, Ellen Horn, vera. Ho vil i den samanheng opne Rolf Nesch-utstillinga, skriv Nesch-museet i ei pressemelding.

Rolf Nesch var ein kunstnar med særlege interesser for teater og var med Det Norske Teatret til Finnmark i 1947. Det vil bli stilt ut både teikningar og skisser som Nesch laga frå ulike førestillingar.
Rolf Nesch var ein kunstnar med særlege interesser for teater og var med Det Norske Teatret til Finnmark i 1947. Det vil bli stilt ut både teikningar og skisser som Nesch laga frå ulike førestillingar.