Julefreden senka seg i Ål kyrkje 1. juledag. Mellom anna Margit Myhr sørga for innslag av folkemusikk i høgtidsmessa.
Julefreden senka seg i Ål kyrkje 1. juledag. Mellom anna Margit Myhr sørga for innslag av folkemusikk i høgtidsmessa.

Høgtidsstemning med folkemusikk

Kulturministeren vart reint rørt av ei flott folkemusikkgudsteneste.

– Eg fekk høyre folkemusikkliturgien til Jo Asgeir Lie i Nidarosdomen for eit par år sidan. Det var like mektig her, smiler ein rørt kulturminister Linda Hofstad Helleland etter folkemusikkgudstenesta i Ål kyrkje 1. juledag.

– Prost Vigdis Moen Storhaug hadde ein viktig bodskap å formidle. Det kunne ikkje vore betre. Dette var godt å få med seg, seier kulturministeren som feirar jul på Ål.

Artikkelen held fram under annonsen.

Litt rolegare

1. juledag kunne julefreden verkeleg senke seg i ei høgtidsstemt kyrkje. Her var gode folkemusikarar, orgeltonar, korsong, barnedåp og viktige bodskap å ta med seg.

– Det er noko med folkemusikken som får folk til å føle seg heime, sa ordførar Solveig Vestenfor. Ho tykkjer folkemusikkgudstenesta er vorte ein fin juletradisjon som ho prøver å få med seg. Ordføraren legg til at folkemusikkgudstenesta nesten er som å gå på ein julekonsert. Folkemusikken tonar gjennom heile gudstenesta på ein spesielt vakker måte.

– Og så er det litt rolegare på 1. juledag enn på juleftan. No kan julefreden me er ute etter, senke seg. Eg trur alle treng dette når det er høgtid, smiler ho og går til nattverd.

Star Wars

Prost Vigdis Moen Storhaug tala om Johannes evangeliet. Om livet, lyset og ordet. Og om korleis ein faktisk kan dra parallellar mellom Star Wars-filmen og bibelens bodskap.

– I Star Wars handlar det om korleis ein nyttar den gode krafta mot den mørke. Hensikta er å framstille kva religionane representerer – på ein moderne måte. Regissør Georg Lukas ønskte å vekke åndelegheit, vekke gudstru. Ikkje ein gud med stor G, men ei sentral kraft. Noko folk i alle religionar kjenner att. Det er det same som skjer i juledagane. Då lyset kom til verda, sa prosten.