Thorstens Drive-in kafeteria og motell var oppsiktsvekkande for si tid. Grete og Thorsten Nisted og gjorde om bygget til ein moderne kafeteria, med soft-ice, fjernsyn og biljard. Kjellaren husa, ei tid, eit av dei fyrste, og kanskje nokon gong, kulaste diskoteka i Hallingdal. Foto: Nasjonalbiblioteket/Normanns kunstforlag

Her får du historiske glimt - bygging, optimisme og elefantar som streikar

Gol sentrum gjennom fem tiår, frå tretti- til åttitalet, er tema for årets utgåve av kalenderen til Gol historielag. I denne utgåva finn me nybygg som, trass i mange endringar opp gjennom åra, framleis pregar bygda.

Sjølv om utgangspunktet ikkje var å ha eit spesifikt tema for kalenderen denne gongen, så er det ikkje tilfeldig at det vart mange hus.

– Me har gjort eit utval av bilete frå 1930-talet til 1970-talet. Det er ikkje tilfeldig at de vil finne ein god del bilete av bygningar i Gol sentrum slik dei ein gong var, og informasjon om kva som har vore i desse husa opp gjennom åra. Me synest det er viktig å få dokumentert dette før alt går i gløymeboka, etter kvart som eit nytt sentrum veks opp i Gol.

Artikkelen held fram under annonsen.

I mai 1960 kom Cirkus Berny med 28 jernbanevogner til Gol, og kunne reklamere med fem flotte elefantar og det største elefantnummer som nokon gong var vist i Norge. Det var berre eitt problem: elefantane nekta å gå over stasjonsbrua, og publikum i Gol vart snytt for å sjå dei «opptre».

Det fortel Liv Rosén. Ho har vore ansvarleg for utarbeiding av kalenderen saman med Wigger Liahagen, Torstein Brøto og Maiken Berntsen. Dei jobbar alle som frivillige i Gol bygdearkiv.

Fleire av bileta gir også fin oversikt over korleis enkelte område av Gol såg ut i ulike deler av den nære fortida. Tekstane er svært informative. Med eit par unntak handlar bileta om svartkvitt, og dei fleste er tekne av profesjonelle fotografar, noko som er lett synleg i kvaliteten.

Fire av bileta stammar frå Gols eigen Hjørdis Bråten som var aktiv med fotoatelier og forretning fram til 1956. Også andre lokale fotografar som ålingane Strand og Johs. Brye er representert. Det same er Widerøe flyfoto og Normanns kunstforlag.

Dalabakken, der Gol kommunehus ligg i dag, var den sentrale plassen for utstilling av småfe (fortrinnsvis sau). Det fyrste statssjået for sau og geit vart lagt hit i 1926, og sidan var det sjå her kvart år til utpå 1970-talet. Utstillingsplassen vart rekna som svært god, og kvart år kom det oppkjøparar frå heile landet. Plassen vart også brukt som stemneplass, og 17. mai gjekk barnetoget dit.