Trond Helleland.
Trond Helleland.

Hektisk start for kulturministeren

Nyutnemnd kulturminister Linda Hofstad Helleland feirar jul på Ål og nytta i går høvet til å besøke Leveld Kunstnartun.

– Overgangen har vore brutalt brå, seier Linda Hofstad Helleland.

– Ikkje noko one man-show

Ei lita veke har gått sidan Høgre-statsråden førre onsdag vart utnemnd til ny kulturminister etter Thorhild Widvey. Dagen før begynte rykta å gå. Mobilen til Helleland, som då var leiar av samferdselskomiteen, dura nærmast utan stans der ho sat på Stortinget i debatt.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var trykk heile dagen, men eg måtte konsentrere meg om det som skjedde der og då; me skulle velje hovudvegar. Det var rart å vite at i morgon må eg tenkje på noko heilt anna, seier ho.

Den rykande ferske kulturministeren er gift med parlamentarisk leiar i Høgre, Trond Helleland. Saman har dei to gutar. Heile familien var med i avgjerda når mor skulle få regjeringspost.

– Dette er ikkje noko one man-show. At eg skulle bli kulturminister er eit prosjekt heile familien må stille seg bak, særleg når du har små barn. Det blir ein kjempedugnad på heimebane, seier Helleland.

Dyrkar mangfald

Den siste veka har kulturministeren besøkt Nordic Black Theatre i Oslo, Nidarosdomen i Trondheim og representert som minister for idrett under VM-finalen i handball i Danmark. Vesle julaftan var ho på plass i Ål saman med familien, klar for julefeiring i ektemannens heimbygd, og ho nytta høvet til å besøke Leveld Kunstnartun.

– Kunstnartunet er eit fantastisk tiltak, det var difor eg ville dra hit. Initiativ som dette er viktig for å bidra til den profesjonelle kunsten og kulturen. Særleg flott er det at kunstnarar frå heile verda kjem hit. Leveld Kunstnartun er gode på mangfald, på korleis ulike kunstnarar kan leve saman. Det gir kunsten og initiativet ein ekstra dimensjon, seier Helleland.

– Opn opp

I løpet av veke éin som kulturminister har ho alt markert seg med ei ytring i NRK der ho tek til orde for at kunsten i utsette tider kan spela ei hovudrolle i samfunnet.

– Mangfald i kulturen er ei av mine store oppgåver. Me treng dei profesjonelle kulturutøvarane som kapasitet i samfunnet. Dei kan stille vanskelege spørsmål mange ikkje tør stille, til dømes med tanke på den store migrasjonsbølga me står overfor. Kulturdebatten har blitt litt snever, så me må invitere til diskusjon og sjå at det er eit gode at nokre provoserer og ser mogelegheiter. I tillegg må kulturen skape arena for alle som skal inn i det norske fellesskapet. Alle treng noko å fylle livet sitt med. Me står overfor eit val no: Opnar me opp og tek dei nye med, eller opnar me ikkje opp? Det siste er feil, seier ho.

Arbeidsjul

– Kva tenkjer du om at Ål kommune har takka nei til rundt 20 statlege millionar til Landsdelsscene for dans-prosjektet?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg tek berre til etterretning kva lokale myndigheiter vedtek. Men det er nok ikkje kvar dag ein kulturminister opplever at kulturmiddel blir sendt tilbake. Det er synd prosjektet ikkje blir realisert, men eg respekterer avgjerda, seier Helleland.

I tida som kjem siktar ho mot å halde fram med å reise landet rundt på besøk for å høyre frå kulturutøvarane sjølv kva som bør gjerast.

– Dei må gjere meg god, så skal eg kjempe for dei i regjering, seier Helleland.

Kulturministeren gler seg til å ta fatt på 2016. Ho vil vidareføre initiativ teke av forgjengar Widvey, som talentutvikling og å sikre ei armlengds avstand mellom staten og den profesjonelle kulturen. I tillegg har ho hovudet fullt av eigne tankar som ho verkar etter å setje ut i livet.

– Eg har med meg bunke på bunke med papir til Ål i jula og skal både lese og skrive i juleferien. Akkurat no er det faktisk litt dumt at jula kom, for eg har så mykje eg vil gjere, ler ho.