Moyka håpar å hjelpe Margaret Berger heilt til topps i den norske finalen. (Arkivfoto)

– Hei, vil du vere med og lage MGP-låt for Margaret Berger?

Sist gong artisten frå Nesbyen stilte i MGP var det som låtskrivar for ein ung debutant. Denne gongen hjelper ho ein favorittveteran.

Margaret Berger står med ein av dei beste plasseringane for ein norsk artist i Eurovision dei siste åra. Med siger i Norge og fjerdeplass internasjonalt i 2013 er det knytt store forventningar når ho laurdag gjer comeback i årets Melodi Grand Prix.

Margaret Berger står på MGP-scena med eit bidrag skrive av mellom anna Monika Engeseth frå Nesbyen.

Berger stiller med låten «Oblivion». Bak den står artisten sjølv, men med hjelp av låtskrivarane Anders Kjær, Sivert Hjeltnes Hagtvedt og Monika Engeseth. Sist nemnde kjend under artistnamnet Moyka.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg fekk spørsmål om eg ville vere med og skrive låt for Margaret Berger. Det var litt «Wow. Sjølvsagt». Og det var berre ein utruleg kjekk prosess, seier Engeseth.

Dei to andre låtskrivarane har ho samarbeid med tidlegare, mellom anna på albumet ho slepte i fjor haust.

MGP 2024:

Fyrste delfinale:

Margaret Berger: «Oblivion»

Tekst og melodi: Margaret Berger, Anders Kjær, Monika Engeseth og Sivert Hjeltnes Hagtvedt

Myra: «Heart on fire»

Tekst og melodi: David Atarodiyan, Svein Hermansen og Regina Tucker

Ingrid Jasmin: «Eya»

Tekst og melodi: Ingrid Jasmin Vogt og Jonas Kroon

GOTHMINISTER: «We Come Alive»

Tekst og melodi: Bjørn Alexander Brem

Fredrik Halland: «Stranded»

Tekst og melodi: Fredrik Halland, Jenson Vaughan og Ruthy Raba

Mathilde SPZ ft. Chris Archer & Slam Dunk: «Woman Show»

Tekst og melodi: Audun Agnar Guldbrandsen, Silje Montsko Blandkjenn, Emmy Kristine Guttulsrud Kristiansen, Linda Dale, Christopher Colin Archer og Mathilde Espeseth

– Me møttest i Oslo og skulle berre ha det kjekt og lage noko alle var fornøgd med. Det følte eg me hadde. Det er eit spennande eventyr å vere med på. No skal eg berre heie.

Debut under pandemien

Ho er spent før delfinalen laurdag.

– Margaret er jo ei dronning, men eg har ikkje sett noko av showet. Berre små glimt av det som dukkar opp på Spotify. Eg gler meg til å reise dit og få med meg heile opplevinga.

For tre år sidan prøvde ho seg som låtskrivar i konkurransen for fyrste gong. Då hadde ho vore med og skrive låten «Elevate», som bergensartisten Stina Talling ikkje kom til finalen med.

Les også
Magisk, mystisk, Moyka

Då var landet prega av pandeminedstengingar, og opplevinga var alt anna enn glitter og glamour.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me fekk lov å sjå Stina opptre ein gong. Då sat me på harde plaststolar i eit lokale laga for tv-produksjon, utan publikum, med munnbind og krav om at alle måtte halde avstand.

Engeseth meinte ein konkurranse med glitter, kostyme og glede var det me trong.

Monika Engeseth har gitt ut to album i tillegg til å bidra som låtskrivar for andre. (Arkivfoto)

– Og me alt som skjer i verda trur eg me framleis gjer det. MGP er eit sirkus. Men det er berre gøy. Det er folkefest og stemning, og alt er lov.

Trongt nålauga

Som tidlegare må artistane gjennom delfinalar før vinnarane av desse møtest til sjølve finalen i slutten av januar. Dei siste åra har det også vore ein sistesjanse, for dei som ikkje har kapra ein finaleplass i dei vanlege rundane.

Margaret Berger (midten) står på MGP-scena med eit bidrag skrive av mellom anna Monika Engeseth frå Nesbyen. I tillegg konkurrerer ho med artistar om Benedicte Adrian, Keiino og Anders Odden i Mistra.

Den utvegen finst ikkje i år. Totalt er 18 artistar med, tre går vidare frå kvar av delfinalane. Truleg er finalesjansane til Engeseth langt større som ein del av teamet til Margaret Berger. Ho har ein lang karriere bak seg, med mellom anna Idol-deltaking, spellemannspris og fleire listefavorittar.

Les også
– Musikk for håplause romantikarar, hjartesørgjande, festglade, dei som dansar og græt samtidig

– Det er veldig mange gode innslag. Nivået skal jo vere høgt, og det er det. Eg gler meg, og trur det blir moro uansett. Så må folk berre hugse å stemme, seier Engeseth.

Den norske finalen går fyrste laurdagen i februar, medan den internasjonale går i Malmö i mai.