Øyonn Groven Myhren urframførte «Haugtussa» på Sprang saman med Rasmus Kjorstad t.v. og Tomas Nilsson.

Haugtussa levde i ny konsertsal

Øyonn Groven Myhren sette standarden i den fyrste konserten i den nye salen i Ål kulturhus.

Salen, med namnet Sprang, vart offisielt opna i mai, digitalt. Sundag ettermiddag var det klart for fyrste konserten med publikum i salen - 50 personar sirleg plassert med nødvendig avstand slik smittevernreglane krev det.

Haugtussa

Øyonn Groven Myhren er ein kapasitet innan kveding og folkemusikk. Denne kvelden var det urframføring av musikken ho har laga til Arne Garborgs «Haugtussa». Verket vart bestilt av Folkemusikkveka som måtte avlysast i mai på grunn av koronasituasjonen. Urframføringa måtte vente til sundag ettermiddag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sterk formidlar

Det vart ei musikalsk oppleving. Øyonn Groven Myhren er ein sterk formidlar, med stålkontroll og intensitet. Det ein times lange verket vart framfør utan pause mellom dei ulike delane. Verket krev sitt også frå publikum, men Myhren greidde halde nerve i framføringa frå start til slutt.

Sjølv stod ho for vokalen og spelte på lyrer og basslangeleik. Med seg hadde ho to garva musikarar. Rasmus Kjorstad på feler, langeleik og munnharpe, og Tomas Nilsson på eit rikt spekter av slagverk. Ein heilstøypt trio.

Nivelkinn-minne

Odd Nordstoga har trekt fram arbeidet med Øyonn Groven Myhren, og korleis det styrte retninga i hans karriere. Den gongen, i 2002, var det musikkverket Nivelkinn, urframført i eitt strekk som det vart gjort opptak av gjeve ut som plate. Med Spellemannpris som resultat.

Les også
Analoge dansesko – digitale sprang

På konserten sundag sat me med ei kjensle av å vere med på ein liknande historisk seanse.

Fungerte godt

Den nye konsertsalen i Ål kulturhus fungerte bra. Amfiet som kan trekkast ut når det er behov, er brattare enn i dei andre salen i huset. Ein sit tettare på utøvarane i Sprang. Denne ettermiddagen var det plass til 50 i salen; når ein ikkje lenger treng ta smittevernomsyn, vil salen romme 180 publikummarar.