Det plar vere kaldt ute, men varmt i teltet under Sundreball. (Arkiv
Det plar vere kaldt ute, men varmt i teltet under Sundreball. (Arkiv

Hardt, mjukt og moro på Sundreball

– Me vil ta festivalen eit steg vidare. Dette skal bli tidenes Sundreball, lovar arrangøren. Her kan du sjå kva andre artistar som kjem.

Siste helga i januar kjem De Lillos, Honningbarna, Bare Egil, Unni Wilhelmsen, Darling West, lokale Red Intentions og fleire andre band til å stå på scena i det gamle ungdomshuset i Ål.

– Og lista er heller ikkje ferdig. Me har ei overrasking på gang til laurdagskvelden, seier Erlend Medgard. Saman med kompis og lydmann Øystein Etterlid arrangerer han festivalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Godtepose

Dei to kompisane debuterte som Sundreball-arrangørar i januar 2014. Dei tre fyrste åra har dei booka både kjente og mindre kjente artistar. Tanken har vore å servere ein musikalsk godtepose som også rommar opplevingar folk ikkje visste at dei ville like.

Festivalen vart ein opptur musikalsk, men ein nedtur økonomisk, dei to fyrste åra. Men i 2016 losna det endeleg. Det var fullt hus og «crowd diving» på Sundrehall.

– I år set me opp ein ekstra lavvo. Det gjer at det blir plass til litt fleire. Me har sett tak på 500, seier Medgard.

Erlend Medgard. (Arkivfoto)
Erlend Medgard. (Arkivfoto)
De Lillos. (Pressefoto)
De Lillos. (Pressefoto)
Honningbarna. (Pressefoto)
Honningbarna. (Pressefoto)
Darling West. (Pressefoto)
Darling West. (Pressefoto)
Unni Wilhelmsen Trio. (Pressefoto)
Unni Wilhelmsen Trio. (Pressefoto)
Bare Egil. (Pressefoto)
Bare Egil. (Pressefoto)
Folkehavet under Valtourettes under Sundreball 2016. (Arkiv
Folkehavet under Valtourettes under Sundreball 2016. (Arkiv

Større budsjett

– I år er det fleire kjende namn på plakaten. Me har tatt Sundreball eit steg vidare, seier Medgard.

Han innrømmer at satsinga krev eit større budsjett. Men dei nyt også godt av at spelesugne artistar har gitt «rabatt» samanlikna med marknadspris midt i høgsesongen for sommarfestivalane. Det hadde vore dyrare å arrangert Sundreball i juli.

Breitt spekter

– At me i år har ein kombinasjon mellom store, kjende band og meir ukjende overraskingar, vil gjere festivalen endå betre. Me har vore opptekne av å by publikum ein variasjon. Slik blir det i år òg. Det er eit breitt spekter frå mjuke Darling West til dei beinharde pønkrockarane i Honningbarna, seier Medgard. Han trur også at hardrockbandet Red Intentions frå Ål kjem til å sparke ifrå seg.

– Kva er forventningane?

– Det blir stas å høyre Darling West, og eg gler meg veldig til De Lillos går på scenen i Sundrehall. Og så trur eg blir moro i lavvoen laurdag når Trondheimsveien 16 byr på Balkan og hæla i taket, seier Medgard.