NRK har laga reportasje om Linda Dalene Bjerke som flytta heim og fekk jobb etter ein reportasje i Hallingdølen.
NRK har laga reportasje om Linda Dalene Bjerke som flytta heim og fekk jobb etter ein reportasje i Hallingdølen.

Hallingdal i beste sendetid

Denne veka lagar NRK direktesendt TV frå Hallingdal i programmet «Norge nå».

Programmet tek for seg aktuelle tema og hendingar frå rundt om i Norge. No er turen komen til Hallingdal og tre kveldar på rad vert det direktesending på NRK 1.

Alt på plass

Sist veke har medarbeidarar frå NRK Buskerud vore på plass og laga reportasjar som skal sendast i programma.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Endeleg kjem me til Hallingdal. Her er det mange fine historier å fortelje, seier journalist Caroline Bækkelund Hauge.

Saman med fotograf Tordis Gauteplass har ho fordjupa seg i tre hovudtema – lokalaviser, ost og Skarverennet.

Behind the scenes

Den første sendinga går på lufta frå Ål tysdag 23. april og skal handle om lokalavisa si betydning for eit lokalsamfunn.

Caroline Bækkelund Hauge intervjuar Trine Lilleslåtten frå Jakobsplass i Skurdalen.
Caroline Bækkelund Hauge intervjuar Trine Lilleslåtten frå Jakobsplass i Skurdalen.
NRK har møtt Alf Waaler og Julie Adde Lid, den yngste og eldste deltakaren i rennet.
NRK har møtt Alf Waaler og Julie Adde Lid, den yngste og eldste deltakaren i rennet.
Fotograf Tordis Gauteplass filma arbeidsdagen til journalist Lillian Holden.
Fotograf Tordis Gauteplass filma arbeidsdagen til journalist Lillian Holden.

– Me har følgd ein Hallingdølen-journalist «behind the scenes» og så har me møtt Linda Dalene Bjerke som flytta heim, men fyrst fekk jobb etter ein reportasje i avisa, seier ho.

Sending nummer to har ostenasjonen Norge som hovudtema, og sendinga vert lagt til ostebygda Hol og Hol Ysteri onsdag 24. april.

– Det vert reportasje om Trine Lilleslåtten frå Jakobsplass i Skurdalen som lagar mjølkeprim, og så skal me sende direkte frå geitefjøset til Ole Øvrejorde. Tim Reidar Stenberg frå Hol Ysteri og Jarle Rueslåtten frå Rueslåtten Ysteri er gjester i sendinga, fortel NRK-journalisten.

Full NRK-rigg

Skarverennet er tema for den tredje og siste sendinga. Då vert det direktesending utanfor Geilohallen torsdag 25. april.

– Me har møtt Julie Adde Lid og Alf Waaler, den yngste og eldste deltakaren i rennet, fortel Caroline Bækkelund Hauge.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det vert med andre ord full NRK-rigg i Ål og Hol veka etter påske.

– Ja, då kjem det store lastebilar og mange teknikarar for å lage flotte direktesendingar. Hallingdal skal skinne, lovar NRK-journalisten.