Politioverbetjent Odd Halvard Seterdal har vore i studio for å leggje siste hand på verket til det fjerde albumet til Von, som kjem i april. (Arkivfoto)
Politioverbetjent Odd Halvard Seterdal har vore i studio for å leggje siste hand på verket til det fjerde albumet til Von, som kjem i april. (Arkivfoto)

Gitarriff til nytt Von-album

Odd Halvard Seterdal og bandet Von har hatt skippertak studio. Plata kjem i april.

Sist helg let Odd Halvard Seterdal kjeltringane få springe fritt i Hallingdal. Politioverbetjenten bur og jobbar på Ål, men er opphavleg frå Skjåk i Gudbrandsdalen. I helga har han vore oppteken med å fingre på gitaren sin i eit lydstudio på Vinstra. Der har han spelt inn riff og gitarsoloar til det fjerde albumet til Von.

Boble med gitarriff

Seterdal skildrar seg sjølv som ein skippertaksgitarist.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har ikkje tid til å øve så mykje til kvardags. Difor er det greitt å reise vekk og jobbe intenst dag og natt i eit studio. No har eg vore i ei boble der eg berre har tenkt på musikk, gitarsoloar og riff, seier han. Det er gitarist og vokalist Geir Sletten som er låtskrivar. Ole Jonny Bekkemellem er tekstforfattar. Tittelen på albumet er ikkje klart. Eller?

– Ho skal heite «Glimt», kjem det på ein sms frå tekstforfattar Bekkemellem.

Alt frå Elvis til puddelrock

Musikken på plata blir ein hyllest til klassisk rock og countryrock.

Politioverbetjent Odd Halvard Seterdal legg på gitarriff og -soloar til den nye Von-plata i eit lydstudio på Vinstra.
Politioverbetjent Odd Halvard Seterdal legg på gitarriff og -soloar til den nye Von-plata i eit lydstudio på Vinstra.

– Me er noko retro i musikksmaken. Bandet har mange felles referansar, men det spriker også litt. Ytterpunkta er kanskje dei av oss som likar Elvis og hair-metal-entusiasten som diggar pompøs 80-tals hardrock. Eg er ikkje heilt med på puddelrocken. Sjølv har eg referansane mine i klassisk rock frå 1960- og -70-talet. Men når me kombinerer element som bandmedlemene likar, er det summen av dette som blir Von, seier Seterdal.

Selektiv turnerute

Det einaste som står att av studioarbeid, er at frontfigur, Geir Sletten, skal leggje på vokalen. Målet er at plata skal vere ute før Von går på scenen på Rockefeller i slutten av april. Sist dei spelte på Dølatreff på Rockefeller var det kring 1000 i salen, dei fleste gudbrandsdøler.

– Det er stort å spele der, men me skal sjølvsagt også ha sleppfest heime i Gudbrandsdalen. Det er der kjernepublikumet bur, seier Seterdal.

– Og Hallingdal?

– Ruta er ikkje lagt, men Von har ikkje tradisjon for å turnere hardt. Bandet består stort sett av småbarnsfedrar frå Gudbrandsdalen. Ingen er single og fri og frank. Eg trur me må vere selektive og satse på nokre få kvalitetsjobbar. Men det spelar ikkje nokon rolle om det er tusenvis av folk, så lenge publikum er lydhøyre, seier Seterdal.