Det er no tredje året Bu i Nore, ein organisasjon som består av innbyggjarar i Nore som ønskjer å skape meir liv i grenda, arrangerer julemarknad.
Det er no tredje året Bu i Nore, ein organisasjon som består av innbyggjarar i Nore som ønskjer å skape meir liv i grenda, arrangerer julemarknad.

Går i gang med julestria

Treng du ein dytt for å kome i mål med sju slag, eller kunne du tenkt deg å legge kortreiste gåver under treet?

Laurdag inviterer Nore Bygdekvinnelag og bygdeinitiativet Bu i Nore inn til julemarknad og juleverkstad. Her skal det vera noko som passar for alle.

Kortreiste varer

I Norehallen vil julemarknaden halde hus. Det er tredje året Bu i Nore tok over stafettpinnen for julemarknaden. Her blir det mogleg å sikre seg både handfarga garn, strikk- og vevsprodukt, keramikk, skinn og andre typar handarbeid og brukskunst.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nokre ungar har eigen stand der dei sel mellom anna leiker og perlebilete, i tillegg kjem Matopplevelser i Numedal for å bidra på matfronten. Totalt blir det 15 utstillarar, som har med seg varer som er laga lokalt, fortel Gunnhild Kjøntvedt i Bu i Nore.

Lagar noringssnipp

Inne på skulekjøkenet på Nore skule vil det i år vera juleverkstad som bygdekvinnelaget står for. Dei hjelper deg i gang med julebaksten og har med seg ferdig deig til noringssnipp. Tek du med deg eige forkle, er det berre å bli med.