Bruce Springsteen under ein konsert i Telenor Arena for nokre år sidan.

Fyrste halling som blir plukka opp av Bruce Springsteen

Han ber det klingande namnet Ola Gjeilo. Eit namn og ein musikk som også kling i øyro til Bruce Springsteen.

Iallfall har The Boss valt musikkstykke av pianist og komponist Ola Gjeilo på sin siste podkast, melder VG.

– Så utruleg artig, svarar Gjeilo når avisa fortel han at verdas største rockestjerne er merksam på musikken hans.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ola Gjeilo i Malibu California. Arkivfoto.

Stolte røter

Som namnet tilseier, har Ola Gjeilo røtene sine i Hallingdal. 42-åringen, som i dag livnærer seg som pianist og komponist i USA, har vakse opp i Bærum. Men faren, Inge, kjem frå Geilo.

Musikaren har sterke, lokale røter. Oldefaren til Ola, som bar same namn, var grunnleggaren av Geilo hotell, det fyrste hotellet som voks fram då bygda Geilo tok sine fyrste steg i retning turisme - på 1880-talet.

- Skarvet er som ein konge

Hallingdølen har skrive fleire artiklar om musikaren som no blir trekt fram av Bruce Springsteen. I 2006 vart Gjeilo omtalt i Vintermagasinet vårt. Der fortalde han om sine røter til Hallingdal.

Her kan du lesa magasin-intervjuet med Ola Gjeilo

– Eg er frå Oslo, men når eg kjem til Geilo kjem eg heim. Der har eg røtene. Og så er det noko heilagt over Hallingskarvet. Fjellet er som ein konge. Slik er det også med skyskraparane i New York. Eg likar det som er høgt, stort og mektig, uttalte Ola Gjeilo.

Ola Gjeilo ved Hallingskarvet.

– Eg blir rørt

Stor og mektig er også Bruce Springsteen. Han har trona på musikktoppen sidan tidleg 80-talet. No har The Boss også kasta seg på podkast. I den tiande episoden av «From My House To Yours» på Sirius XM dukkar Ola Gjeilos «Before Dawn» opp som eit av mange mellomspel blant Bruce Springsteen sine historier og låtar, melder VG.

Og han er i godt selskap, held avisa fram. Springsteen brukar også komposisjonar frå Brian Eno, Ry Cooder og den legendariske - og nyleg avdøde - filmkomponisten Ennio Morricone.

Ola Gjeilo fortel at han har vore Springsteen-fan frå tidleg ungdomsår og er naturleg nok strålande fornøgd med at sjefen har plukka opp hans musikk.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg blir rørt av at ein som eg alltid har vore djupt inspirert av synest noko eg har laga er fint, så dette var fantastisk artig, seier Ola Gjeilo til VG.

Kjempar for Biden

Bruce Springsteen meistrar meir enn gitaren og sangen. No har han altså slått seg på podkast. Den siste episoden handlar om natta og det denne delen av døgnet har betydd for han både i musikken og i livet.

The Boss er også politisk engasjert, og gjer det han kan for å bli kvitt Donald Trump som president. Han er aktiv støttespelar for Joe Biden og demokratane framfor haustens val.

I ein musikkvideo til The Rising er bodskapen klar. Amerika og folket står framfor eit historisk viktig val. Det er på tide å bygge landet att, og kvitte seg med Trump.

Les også
Dei begeistra med lokal musikk