Borgar Storebråten, Martin Johannessen (tangentar), Øyvind Ekse (gitar) og Sandra Erstad (vokal skapte og førjulsstemning på Fryd laurdag ettermiddag.
Borgar Storebråten, Martin Johannessen (tangentar), Øyvind Ekse (gitar) og Sandra Erstad (vokal skapte og førjulsstemning på Fryd laurdag ettermiddag.

Frydefull time med Borgar

Borgar Storebråten og venene hans kan kunsten å underhalde på ei scene. Snart kjem dei på plate også.

Det er iallfall planen. Men som Borgar Storebråten seier:

– Eg har arbeidd med plata i seks år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Plata snart klar

26-åringen frå Gol har satsa på musikken lenge.

Ikkje berre har han lagt ned eit stort arbeid i låtskriving. Satsinga kostar også i kroner og øre. Men han meiner «det er for seint å snu no». Og til våren skal ein singel sleppast ut i marknaden. Til hausten kjem plata. Plata er spelt inn på Svenkerud hjå Tor Magne Hallibakken og i Nashville, Tennessee, USA. Opphavleg var planen å gi ho ut i fjor haust.

– Ting set seg no. Me var ikkje fornøgde, så me utsette utgjevinga til me var fornøgde. Eg trur det har gjort plata godt å vente seks år, seier Storebråten.

Borgar Storebråten har lagt ned eit stort arbeid i musikksatsinga. Låtane blir framførte med innleving.
Borgar Storebråten har lagt ned eit stort arbeid i musikksatsinga. Låtane blir framførte med innleving.

– Triveleg

Golingen er lærarutdanna og arbeider til dagleg ved Viken folkehøgskole.

Men bortsett frå lærargjerninga, ønskjer han å ta musikken så langt han kan. Og sjølv om plata enno ikkje er ute i handelen, har det vore jamleg med spelejobbar.

– Du sa for to år sidan at målet var å spele så mykje at du vart lei eigne låtar? Korleis har det gått?

– Me har spelt ein del ute. Men målet er å spele meir. Eg er nok ikkje lei låtane, men det trur eg er greitt.

Han hausta lovord for konserten på Fryd i Ål laurdag ettermiddag. Saman med Martin Johannessen (tangentar), Øyvind Ekse (gitar) og Sandra Erstad (vokal) skapte han god stemning denne førjulslaurdagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Fint å gjere slike konsertar. Det blir som i ei stove. Triveleg å spele her, seier Borgar Storebråten.

Og det meinte dei som gjekk fornøgde heim også.