Framtida Junior er ein realitet.
Framtida Junior er ein realitet.

Framtida junior med førsteopplag på 57.000

Laurdag kjem fyrste nummer av barneavisa Framtida Junior ut.

Verdas første nynorske avis for barn kjem denne helga ut i nesten 57.000 postkassar rundt i landet. Avisa blir distribuert til alle dei som alt har teikna abonnement og som istikk i Hallingdølen, Hordaland og Sogn Avis. Avisa går òg ut i stordistribusjonen til Sunnhordland og Os og Fusa saman med avisa der.

– Me i redaksjonen håpar avisa blir tatt godt i mot av lesarane. Papiravisa vil koma ut kvar 14. dag, med neste utgåve 17. november. Avisa går då ut til abonnentane våre, og til enkelte laussalsstader, seier redaktør Svein Olav B. Langåker.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utgjevar er Landssamanslutninga av nynorskkommunar, i eit nært samarbeid med ABC Startsiden, Hallingdølen, Hordaland, Os og Fusaposten, Sogn Avis og Sunnhordland.

– Eg er veldig glad for at me har med oss landets beste lokalaviser på denne viktige nynorske satsinga, seier Langåker.