Marit Larsen opna festivalen med konsert på Sundrehall, her saman med Mari Sandvær Kreken og Tor Egil Kreken.
Marit Larsen opna festivalen med konsert på Sundrehall, her saman med Mari Sandvær Kreken og Tor Egil Kreken.

Frå Sundre til studio

– Eg føler meg heime her, seier Marit Larsen som aller helst spelar på dei små scenene.

Marit Larsen og kvartetten hennar la inn eit besøk på Sundreball før ho måndag går i studio med ny plate. Larsen, Tor Egil Kreken, Mari Sandvær Kreken og Christer Slaaen har lagt plateinnspelinga til Færøyane, og publikum på konserten torsdag kveld fekk nokre smakebitar. Dermed gjorde Marit Larsen eit unntak for hallingpublikummet, for ho brukar ikkje røpe for mykje av komande plater.

Åling og bandmedlem Tor Egil Kreken var overtydd om at dei nye låtane vil slå an hjå hallingane. Larsen går frå pop til folk denne gongen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg er glad for at banjoen får større plass, gliser Kreken.

Publikummet på opninga av Sundreball fortel om ein uformell konsert, med lett stemning i både sal og på scena.

– Eg vart sjarmert av Ål då eg la sommarferien hit i fjor og spelte under Villfiskfestivalen, seier Larsen, og fortel at ho til og med har feira gebursdagen sin på ein serveringsstad i bygda.

Sundreball held fram laurdag med barnekonsert, musikkquiz med The Legendary Gjeldokks og stor konsertkveld med desse artistane: Svarteper, Ni Liv, Valentourettes og Lady Moscow.