Truls Bjerkerud er heidra for pågangsmotet sitt. Han held godt på Bygdeutviklingsprisen til Innovasjon Norge mens han kjem vassande i laussnøen.
Truls Bjerkerud er heidra for pågangsmotet sitt. Han held godt på Bygdeutviklingsprisen til Innovasjon Norge mens han kjem vassande i laussnøen.

Først Farmen - så heider

Det har vore stille på Farmen-garden i Flå sidan 2001. Men ikkje stillare enn at eigaren er heidra med Bygdeutviklingsprisen 2014.

Han kjem ruslande i laussnøen på gardstunet, godslege Truls Bjerkerud. Det var her på garden Rime, høgt over dalbotnen i Flå, den aller første Farmen vart produsert for TV 2. Det var i 2001. Interessa for garden og bygda var stor. Framleis sopar realityprogrammet inn høge sjåartal, men på den aller første Farmen-garden er det fred og ro – i dag.

– Garden har jo sin historie, då. Første året etter at Farmen vart produsert, dreiv eg gardsturisme. Då var det 3000 menneske innom garden. Bryllaup har det også vore. Det bør kunne vere aktuelt med noko turisme her, seier Bjerkerud.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eigen straum

Rimeelva renn forbi. Det var på den gamle gardsmølla Farmen-deltakarane malte kornet sitt den gongen. No har Truls Bjerkerud bygd eit lite kraftverk som produserer nok kraft til 200 husstandar. Han har lagt straumkabel til alle husa på garden, straum nok til eit lite sanitæranlegg under fjøset. Skal det bli turistdrift på garden ser han for seg eit dusj- og toalettanlegg.

– Eg driv båtutleige og ror tyske turistar på gjeddefiske i Krøderen. Ein må finne på noko når ein bur ved denne fjorden. Vandring kan og bli aktuelt her oppe på Rime. Folk kan bu på garden, og gå i terrenget med ein guide. Då må ein ha alle fasilitetar.

Heidra

Det er kaldt inne i hovudhuset på garden, som Bjerkerud sin oldefar kjøpte i 1896. På det digre bordet, det Farmen-deltakarane sat og krangla rundt for tretten år sidan, legg han eit diplom. 62-åringen frå Krødsherad har fått Innovasjon Norge sin Bygdeutviklingspris i Buskerud 2014.

Ved langbordet i hovudhuset blar Truls Bjerkerud i bileteboka, frå den gongen garden var nedfalls.
Ved langbordet i hovudhuset blar Truls Bjerkerud i bileteboka, frå den gongen garden var nedfalls.
TV 2 spelte inn den første sesong av Farmen på garden Rime i Flå. (Arkivfoto)
TV 2 spelte inn den første sesong av Farmen på garden Rime i Flå. (Arkivfoto)
– Denne garden har jo sin historie, då, seier Truls Bjerkerud 13 år seinare.
– Denne garden har jo sin historie, då, seier Truls Bjerkerud 13 år seinare.
Asbjørn Støen var mentor på første sesong av Farmen i 2001. Sidan den gong har Truls Bjerkerud måtta tenkje nytt på garden.
Asbjørn Støen var mentor på første sesong av Farmen i 2001. Sidan den gong har Truls Bjerkerud måtta tenkje nytt på garden.

– På grunn av bringebærproduksjonen, seier han.

For Bjerkerud er ein mann med idear og pågangsmot. Det skjer noko heile tida. På garden ved Krøderen har han 90 dekar med bringebær. Produksjonslokala ligg på garden. Det er plass til ti tonn med bringebær på fryseriet. Det blir nokre tusen liter med bringebærsaft av slikt.

Treng spenning

– Husa på Rime begynte eg å restaurere i 1990. Eg brukte heile 90-talet. Eitt hus kvart sommar. No er ni hus restaurert, seier han, og ser fornøgd utover tunet.

– Kvifor?

– Då eg overtok innmark og bygningar i 1973, hadde eg null interesse for dei gamle husa. Men interessa kom etter kvart.

Artikkelen held fram under annonsen.

Og så kom kraftverket. 1400 meter med røyrgate ned den bratte lia og eit lite aggregat nede ved elva.

– Det blir ikkje butikk av dette i mi tid iallfall. Men det er spennande å drive med kraft. Heile tida ei uvisse om prisen går opp eller ned. Eg må ha spenning. Og så er det noko eg ikkje får gjort noko med, ler han.

– Kor mykje har dette kosta deg?

– Eg vil ikkje seie det. Eller: Eg tør ikkje seie det.

Dukkar opp idear

62-åringen driv også skogen på Rime. 5000 dekar har han frå 460 til 900 meter over havet, og no byggjer han skogsbilvegar. Ein aktiv prisvinnar som ikkje brukar unødvendig tid på ferie.

– Det er rart med det, det dukkar opp noko heile tida, seier Bjerkerud.

– Og kva ser du på Rime gard?

– Moglegheiter.