Gitarist Sveinung Medbøen (bak t.h.) spelar gitar på den nye singelen til bergensartist Hege Turøy. "Ingenting" blir slept 22. mai.
Gitarist Sveinung Medbøen (bak t.h.) spelar gitar på den nye singelen til bergensartist Hege Turøy. "Ingenting" blir slept 22. mai.

Flåværing med på singelslepp

Hege Turøy har fått med seg ein flåværing på gitar når ho no slepper ny singel.

Bergensmusikaren Hege Turøy gir i desse dagar ut nytt album. 22. mai kjem singelen «Ingenting». Med seg på gitar har ho Sveinung Medbøen frå Flå.

- «Ingenting» er ei glad sommarlåt med humor og godt humør, lokkar gitaristen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Medbøen, som er busett i Bergen, er på miniturné med Turøy i mai månad. Dei skal mellom anna opptre på Sotra, i Bergen og på Voss.