Gunn Ragnhild Stigen tok over som dirigent i Nesbyen Hornmusikklag i haust. Ho hadde sin fyrste ordinære konsertjobb saman med korpset under jubileumskonserten laurdag.
Gunn Ragnhild Stigen tok over som dirigent i Nesbyen Hornmusikklag i haust. Ho hadde sin fyrste ordinære konsertjobb saman med korpset under jubileumskonserten laurdag.

Fersk dirigent såg tilbake

Nesbyen Hornmusikklag baud på blanda drops frå korpset si 125 år lange historie.

Det er 25 år sidan Nesbyen Hornmusikklag starta tradisjonen med nyttårskonsertar i kulturhuset Banken. I år var konserten lagt opp som eit tilbakeblikk, både på nyttårskonsertane og på korpset si 125 år lange historie.

På repertoaret stod både Valdresmarsj, flamencorytmar i El Camino Real, ouverturen til Barbereren i Sevilla og Ungarsk Dans av Brahms.

Artikkelen held fram under annonsen.

((Qid=9E62C31C))

Arva dirigentstokken

Korpset er gamalt, men dirigenten er fersk. Gunn Ragnhild Stigen tok over dirigentansvaret for hornorkesteret i haust. Den ferske dirigenten vedgår at det var forgjengaren, korpset sin tidlegare dirigent, Magne Fremo, som hadde plukka dei fleste notane til konsertrepertoaret. Fremo var sentral for å fornye korpset og var ein pådrivar for å etablere nyttårskonserten for 25 år sidan.

Fotavtrykk

Opphavleg var det planen at Stigen skulle presentere nytt materiale, mens Fremo skulle ta publikum gjennom ei avdeling høgdepunkt frå jubileumskonsertane. Etter at Fremo døydde i haust, måtte planane endrast. Det vart ikkje rom for å øve inn så mykje nytt materiale.

– Kjem korps og publikum til å merke ditt fotavtrykk gjennom eit anna repertoar?

– Korpset har eit veldig klassisk korpsrepertoar. Det er litt tidleg å svare på, men det kan hende at eg blir litt mindre klassisk etter kvart, seier Stigen.

Konsertdebuterte

Stigen har fleire års erfaring både som kordirigent og korpsdirigent. Ho har mellom anna vore ein pådrivar for nysatsinga og rekrutteringsarbeidet til juniorkorpset i heimbygda Gol. Laurdag hadde ho konsertdebut med vaksenkorpset.

– Det er noko anna å dirigere eit korps med erfarne folk. Med så flinke folk, kan me få til mykje, seier ho.

73 års erfaring

Golingen Arne Gjengedal Hesla er den med lengst fartstid. Men heller ikkje han har vore med gjennom heile historia til hornmusikklaget.

Artikkelen held fram under annonsen.

89-åringen fekk sitt fyrste instrument, ein ess-kornett, som 13–14 åring. Då var det krig i Norge. I løpet av sine 73 år som korpsmusikar har Hesla vore innom baritonrekka i gardemusikken, trompetrekka i Gol Janitsjarkorps, og dei siste 25 åra har han vore medlem av hornrekka i Nesbyen Hornmusikklag.

Ingen blome for grovjobben

Det er ikkje ofte ein althornist kan gle seg over å få spele melodien. Instrumentet har rykte på seg for å få kjedelege, umelodiøse stemmer med mykje etterslag – bom-TA-bom-TA-bom-TATATATA.

– Etterslag er viktige, men me er avhengige av eit godt forslag frå bassen, seier han.

Det er samspelet mellom tuba og horn som gjer grovjobben i korpset. Grovarbeidarane får sjeldan blomekvasten etter konserten. Det gjorde derimot dirigent og xylofonsolist, Gunn Ragnhild Stigen, konferansier Sven Arne Trolsrud, og Målfrid Breivik, som la frå seg waldhornet for å vere songsolist på ein Vera Lynn-medley.