– Det er fantastisk å bygge ei hardingfele på den andre sida av verda, ta ho med til Geilo og oppleve at nordmenn seier at instrumentet er bra! seier instrumentmakar Adam Edwards frå Australia.
– Det er fantastisk å bygge ei hardingfele på den andre sida av verda, ta ho med til Geilo og oppleve at nordmenn seier at instrumentet er bra! seier instrumentmakar Adam Edwards frå Australia.

Felemakaren frå Tasmania

Det finst berre ein mann i Australia som bygger hardingfele etter tradisjonelle mål: Adam Edwards. No er han på Landskappleiken.

– Det er fantastisk å bygge ei hardingfele på den andre sida av verda, ta ho med til Geilo og oppleve at nordmenn seier instrumentet er bra! seier Adam Edwards.

Stipendvinnar

42-åringen frå Tasmania er i hundre. Han har venta og venta. Eitt år har gått sidan han vann eit Winston Churchill Fellowship-stipend i heimlandet Australia. Dommarpanelet på åtte var overbevist om at Edwards måtte bli sendt «overseas» for å tilnærme seg nye kunnskapar som han kunne ta med attende til øyriket. Pengane kom inn på konto, akkurat i seinaste laget til å rekke Landskappleiken på Røros i fjor. I år er Edwards på plass.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har hatt maks flaks. Hardingfele- og felemakarar kjem til Landskappleiken annakvart år. I år er hardingfelemakarane her, strålar australiaren.

Chat-kompis

Tasmania er ein av Australia sine seks statar. Øya ligg sør for Melbourne og har ein vestkyst dekt av store nasjonalparkområde. Tresortane som veks der, er eksklusive for Tasmania. Slikt blir det særeigne musikkinstrument av. Adam Edwards har jobba som instrumentmakar i tjue år. For tre år sidan bygde han si første hardingfele.

– Eg vart kjend med fiolinmakar Salve Håkedal frå Birkeland i eit chatterom på Internett. Etter å ha sett ei hardingfele som var ombygd frå ein fiolin på ein festival i Canberra, bestemte eg meg for å bygge ei eige hardingfele etter tradisjonelle mål. Eg spurte Salve uendeleg mange spørsmål. Han svarte på alle, fortel Edwards.

Adam Edwards er på Landskappleiken med ei eigenbygd hardingfele frå Tasmania. – Ho er mjuk i tona, seier ein imponert Eilev Groven Myhren, første nordmann som har fått instrumentet til å låte.
Adam Edwards er på Landskappleiken med ei eigenbygd hardingfele frå Tasmania. – Ho er mjuk i tona, seier ein imponert Eilev Groven Myhren, første nordmann som har fått instrumentet til å låte.
Rovpungdyret tasmansk djevel prydar halsen på hardingfela Adam Edwards frå Tasmania har bygd. Auga er av svarte diamantar.
Rovpungdyret tasmansk djevel prydar halsen på hardingfela Adam Edwards frå Tasmania har bygd. Auga er av svarte diamantar.
«King Billy Pine», «Sassafras» og «Native Olive» – dei tasmanske tresortane Adam Edwards har brukt for å bygge si første hardingfele, er langt frå gran og lønn som tradisjonelt blir brukt i Norge.
«King Billy Pine», «Sassafras» og «Native Olive» – dei tasmanske tresortane Adam Edwards har brukt for å bygge si første hardingfele, er langt frå gran og lønn som tradisjonelt blir brukt i Norge.
– Det er fantastisk å bygge ei hardingfele på den andre sida av verda, ta ho med til Geilo og oppleve at nordmenn seier at instrumentet er bra! seier instrumentmakar Adam Edwards frå Australia.
– Det er fantastisk å bygge ei hardingfele på den andre sida av verda, ta ho med til Geilo og oppleve at nordmenn seier at instrumentet er bra! seier instrumentmakar Adam Edwards frå Australia.
Adam Edwards har brukt fargerike skjel til å ornamentere den tasmanske hardingfela.
Adam Edwards har brukt fargerike skjel til å ornamentere den tasmanske hardingfela.

«King Billy»

Instrumentet 42-åringen heldt i handa, er lyst i treverket. Botnen er laga av «King Billy Pine», sidene på fela av «Sassafras». Toppen er av «Native olive», ein tresort som slett ikkje er oliven, men som – lik dei to andre – er stadeigne tresortar som berre veks i det våte, kalde klimaet i Tasmania. Sakte, sakte gror trea på mineralrik grunn.

– Dette treet starta sannsynlegvis å vekse for rundt 300 år sidan, seier Edwards og tappar fingerneglene lett på felebotnen. – Australia er eit så ungt land at me ikkje gror ny skog enno. Me kappar ned gamal.

– Mjuk tone

Ei tradisjonell hardingfele bygd i Norge, er laga av gran og lønn. Det er difor ikkje så rart at Edwards sitt instrument har ein heilt særeigen klang.

– Ho er så mjuk i tonen, seier Eilev Groven Myhren. Spelemannen frå Ustedalen bur tilfeldigvis i telt ved sida av Edwards på Øen Camping under Landskappleiken. Han er første nordmann som har prøvespelt fela. – Veden gjer at fela kjennest tung når du spelar, men ho er slett ikkje verst å spele på. Eg er imponert, seier han.

Tasmansk djevel

Edwards strålar. 300 arbeidstimar for å få hardingfela i stand, har vore verdt det. Frå å vere einaste instrumentmakar i Australia som bygger hardingfele etter tradisjonelle mål, er han no einaste felemakar på Landskappleiken som lagar hardingfele med tasmansk djevel på halsen i staden for drage. Målet for opphaldet på Geilo er klart.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg skal finne hardingfelemakarane og prate med dei til dei får vondt i øyra, flirer 42-åringen. – Eg drøymer om å kome attende til Landskappleiken annakvart år med ei nybygd hardingfele i bagasjen.