For berre nokre år sidan kasta Ingebjørg Bratland låtar nok til fire album i søppelkassa. I dag er songaren tryggare på seg sjølv og musikken ho jobbar med.
For berre nokre år sidan kasta Ingebjørg Bratland låtar nok til fire album i søppelkassa. I dag er songaren tryggare på seg sjølv og musikken ho jobbar med.

Er i ferd med å finne seg sjølv

Det er ikkje mange år sidan Ingebjørg Bratland (24) kasta låtar til fire album i søppelkassa. No har songaren gitt den enorme sjølvkritikken sparken.

Ho står der i Slottsparken, Ingebjørg Bratland. Året er 2007. Kong Harald fyller 70, og kvedaren, som er 17 år, syng «Den fyrste song» for bursdagsbarnet. Kongen blir rørt til tårer. Sjølv tykkjer Bratland det er veldig, veldig kaldt. Gradestokken syner 16 minus og ho står på ei scene av is. Ikkje syng ho noko bra, heller.

Lang reise

– Eg var veldig misfornøgd med eigen innsats. Då eg såg på Kongen, tenkte eg at han ikkje likte det. Det var først etterpå eg skjønte at eg hadde gjort eit inntrykk på han. Eg var så enormt sjølvkritisk på den tida. Det var heilt sinnssjukt, seier Ingebjørg Bratland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ja, for om songaren i starten ikkje var nøgd med eigen innsatsen i Slottsparken, så skulle framføringa bli eit gjennombrot. Berre månader etterpå syng ho «Til Ungdommen» på 22. juli-minnekonserten i Oslo Domkirke. I 2009 blir ho norgesmeister i vokal klasse A under NM på Geilo og nordisk meister i folkemusikk i Sälen. Året etter får ho Fureprisen på 50.000 kroner under Landskappleiken på Voss. I 2013 gir ho ut plata Heimefrå saman med Odd Nordstoga, og i mars i år kjem solodebuten med albumet Berre meg.

Trygg

– Akkurat no har eg det veldig bra. Sidan slutten av september har eg turnert med soloplata, og eg kjenner meg utruleg privilegert som får reise rundt og treffe folk og spele musikken min for dei. Fire plater har tidlegare gått i søppelbøtta. Det er fire år sidan den siste. Eg var grusomt sjølvkritisk på den tida. Om eg ikkje var nøgd med låtmaterialet, innspelingane, eigen innsats, kunne eg ikkje stå for det og ville ikkje gi ut. I dag ville eg kanskje ikkje gjort det same. Eg har lært meg å sjå på innspelingar meir som dokumentasjon, noko som er der og då, og så går du vidare. No er eg ganske god til ikkje å vere så usikker på meg sjølv, seier Bratland.

Skrivestopp

Fredag kveld stod songaren på scena i Geilo kulturkyrkje. Ho tok publikum med på ei reise frå det heilt vare a cappella til eit meir folkpoppa, drivande viselandskap. «På Avstand» var blant dei nyaste songane ho framførde. Låten kom som singel så seint som i midten av september og er Bratland si eiga omsetjing av Nanci Griffith si «From A Distance» frå 1990.

– Eg har ikkje skrivi så mange låtar sjølv i det siste. Eg har fått skrivestopp. Men så finst det så mange gode låtar der ute. Kvifor kan ein ikkje prøve å gjere nokre av dei til gode, norske versjonar? Å omsetje tekstar er mi måte å prøve å kome i gong att med låtskrivinga. Kanskje blir «På Avstand» del av eit framtidig prosjekt, seier Bratland.

Gode møte

Alt kvelden etter besøket på Geilo, opptredde songaren på heimebane i Vinje. No går turen nordover før Berre meg-turneen avsluttast i Bø 28. november. Då ventar tenkeboksen på artisten.

– Eg tenkjer stadig vekk på nye prosjekt, men frå desember av har eg ingenting på plakaten. Det er spanande. I mellomtida nyt eg å vere på vegen. Målet mitt med musikken er å gjere inntrykk på folk, at eg kan gi noko til nokon. Å spele konsertar er mykje artigare enn å spele inn plate, for du møter publikum og kan merke om musikken går inn til dei som lyttar, seier ho.

Syng til seg sjølv

«Du syng til deg sjølv,» sa ein publikummar ein gong til Bratland. «Det kan ikkje vere bra,» tenkte kvedaren den gong med seg sjølv. I dag ser ho på det som eit kompliment.

– Eg syng fordi det er det artigaste eg veit. Det var difor eg starta som fem og eit halvt-åring. Det er difor eg heldt på i dag. I mellomtida går det mykje opp og ned. Bransjen er tøff. Du må stadig vekk kome med nye idear, vere kreativ, og du er din eigen sjef. I tillegg er du avhengig av å bli likt for å få halde på. Det er heftig og slitsamt. Då er det ein bra start å syngje til seg sjølv. Om andre då i tillegg likar det eg gjer, er det berre ein enorm bonus. Den dagen eg ikkje synst det er moro lenger, kjem eg til å pensjonere meg, seier 24-åringen.