Det var minst hundre på scena under fjorårets UKM på Geilo, men i år har heile 178 meld seg på.
Det var minst hundre på scena under fjorårets UKM på Geilo, men i år har heile 178 meld seg på.

Er du klar for UKM?

Fristane for påmelding til årets runde av UKM er no.

Torsdag 9. februar går toget for barn og unge som vil vere med på UKM på Gol og Nes. Fredag set Ål og Hemsedal sluttstrek.

Det kan sjå ut som det er holingane som er mest ivrige på denne fronten. Då påmeldingsfristen gjekk ut 3. februar var det 178 påmelde. Stor pågang dei siste åra har resultert i to framsyningar. Om det blir det i år er uvisst, men alle siktar seg uansett inn mot mønstring på Geilo samfunnshus 17. februar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mange lokale mønstringar

Mønstringa, som i si tid heitte Ungdommens kulturmønstring er døypt om til Ung Kultur Møtes, men forkortinga UKM er den same. Det er i dei fleste kommunar ope for alle mellom 13 og 20 år, for ei rekkje kulturuttrykk.

I skrivande stund er det 34 påmelde til mønstringa på Gol 14. februar. Her er det aulaen i den nye skulen som er årets arena.

Nes har i dag 27 påmelde til mønstringa som skal vere i Kulturhuset Banken 18. februar.

Gol og Ål hadde felles mønstring i 2016, då Celina Talita Skredderberget Økland spelte og song. I år har kommunane kvar sine mønstringar, mens fylkesfinalen er lagt til Ål.
Gol og Ål hadde felles mønstring i 2016, då Celina Talita Skredderberget Økland spelte og song. I år har kommunane kvar sine mønstringar, mens fylkesfinalen er lagt til Ål.

Same kveld skal Hemsedal også ha si mønstring i kultursalen sin. Også her er det mange ivrige. 72 er alt klare før fristen går ut fredag. Ein eigen UKM-camp i forkant har bidrege til god rekruttering.

Fredag er også siste frist for ålingane til å melde seg på. Berre 18 har gjort det så langt. Mønstringa er 19. februar, i Ål kulturhus.

Fylkesmønstring i Ål

I Numedal er det felles mønstring for Flesberg, Rollag og Nore og Uvdal 11. mars, på Flesberg samfunnshus. Påmeldingsfristen her er 19. febuar.

Det er alt 16 påmelde. Barn og unge i Flå har dei siste åra meld seg på UKM i andre kommunar, i mangel på eiga mønstring.

Årets fylkesfinale skal også vere i Hallingdal. Fylkesmønstringa blir i år arrangert på Ål kulturhus helga 21.–23. april. Dette er også UKM Buskeruds 30-årsjubileum.