Margit Myhr (t.v.) og Gunnlaug Lien Myhr held sin første mor-dotter-konsert på Riksscenen 31. januar.
Margit Myhr (t.v.) og Gunnlaug Lien Myhr held sin første mor-dotter-konsert på Riksscenen 31. januar.

Eplet og stammen

Folkesongar Margit Myhr er månadens artist på Riksscenen i februar. For første gong skal ho og mor, Gunnlaug Lien Myhr, halde solokonsert saman.

– Når du er fjortis er det ikkje det du tenkjer at du har mest lyst til, men no når eg er litt eldre så syns eg det er veldig triveleg og givande å skulle halde konsert med mamma, seier Margit Myhr.

Sin eigen musikar

Folkesongaren er på øvingsbesøk i barndomsheimen på Torpo. Saman med Gunnlaug Lien Myhr førebur Margit den første av tre konsertar ho skal halde på Riksscenen. 31. januar viser ho seg for første gong fram som månadens artist og nyttar høvet – på oppmoding frå Riksscenen – til å synge med ingen ringare enn mor og songlærar Gunnlaug.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har meir å bidra med no enn eg hadde før, seier Margit. – Då tenkte eg ikkje på så mykje anna enn å gjere som eg hadde lært og som vart sagt. No har eg jobba med musikk sjølv i nokre år og opptredd mykje åleine.

– Og du har jobba med andre musikarar og andre arrangement. Det er naturleg å gjere det på sin måte. Ein må jo hente fram musikaren i seg. No er me meir likestilte og jobbar fram arrangement saman, nikkar Gunnlaug.

Plateslepp

Åra har gått sidan Margit vart ein del av folkemusikkmiljøet på Hugnadheim, der Gunnlaug og ektemannen Martin Myhr leia og stadig leier an. Erfaringane frå den gong har sett spor. 13. februar kjem debutplata til Kvedarkvintetten, ei a cappella vokalgruppe med røter i nettopp Hugnadheim på 90- og 2000-talet. Margit, søstrene Sina og Helga og søskenparet Tonje og Silje Risdal Liahagen har lagt platesleppet til Riksscenen.

– Det er gøy å få vist fram repertoaret me har opparbeida oss i Kvedarkvintetten. Me jobbar stadig med å utvikle og lausrive oss meir og meir. På debutplata brukar me mange av mammas arrangement då det er ho som har stått for arrangeringa i alle år, men i det siste har me også begynt å arrangere meir sjølve, så på neste plate blir det nok meir av våre eigne, seier Margit.

Drop-in kvedarkveld

Songane på plata finn ein igjen i boka «Folkesong i Hallingdal», som Gunnlaug Lien Myhr gav ut i fjor haust. I løpet av snart 40 år har folkesongaren leita i arkiv, pusla saman musikkhistorie og til slutt samla meir enn 600 lokale folketonar. Denne månaden går ho sjølv i studio.

– I haust har eg halde ni konsertforedrag rundt om i Hallingdal og dermed øvd inn nytt stoff og også jobba fram nye songar. Eg har gjort eit utval som det no bli ein CD av, men eg har ikkje bestemt lanseringsdato, seier ho.

Musikalske smakebitar, og sjansen til sjølv å lære seg lokale folkesongar, kan interesserte få alt 14. februar. Då startar Gunnlaug drop-in kvedarkveldar på Hugnadheim på Torpo.

– Ungdom og vaksne kan møtast og synge frå boka og elles utveksle tankar omkring stoffet. Dei som kjem må ha boka, elles er kveldane uforpliktande. Eg tenkjer me møtast andre sundag i kvar månad, seier folkesongaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tre kvinners kamp

27. februar er det igjen Margit sin tur. «Stilt trør kvinner i sørgedans» heiter soloframsyninga som ho avsluttar konsertrekkja ved Riksscenen med. Eldgrim Springgard har skrive manus og Leif Stinnerbom frå Västanå teater har regien. Tre dramatiske historier skal fram i lyset: Om jenta som overlevde Svartedauden, Fange-Liv som vart dømt til døden for å ha drepe ungen sin og Gro Gudmundsrud som drog til Amerika for å få leve med den ho elska.

– Det blir ei skikkeleg utfordring å gjere framsyninga heilt åleine. Eg fekk manus for kort tid sidan, så det er ikkje mange vekene eg har på meg. Samtidig jobbar eg best under press. Eg håpar mange hallingar vil ta seg ein Oslo-tur i januar/februar og stikke innom Riksscenen, seier Margit Myhr.