Heine Junior Gudim, Shayan Zarifi og Kim Rune Frydenlund fiksar på hovudretten, svinenakke av Stølsgris.
Heine Junior Gudim, Shayan Zarifi og Kim Rune Frydenlund fiksar på hovudretten, svinenakke av Stølsgris.

Elevar i smakfull duell

På husholdningsmessa på Storefjell måndag fekk 2. klasse ved restaurant og matfag på Gol Vidaregåande bryne seg på tidspress, publikum og dommarar.

Det er tredje året på rad det arrangerast kokke- og servitørkamp på messa, og faglærar ved linja, Martha Nistad, sett veldig pris på moglegheita og erfaringa det gir elevane.

– Det er eit flott pedagogisk verkemiddel, i tillegg til at det gir nettverksbygging. Dei får også sjå prestasjonane og nivået på andre skular, og kjem i kontakt med framtidige læreplassar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kokkeelevane frå Gol duellerte mot Hønefoss.

Svin på menyen

Delegasjonen frå Gol bestod av eit kokkelag med Shayan Zarifi, Heine Junior Gudim og Kim Rune Frydenlund, og eit servitørlag med Tobias Spildrejorde og Sindre Andersen.

Tema for årets kamp var Stølsgris, og elevane har brukt mange veker på å førebu seg. Martha innrømmer at ho begynte å bli litt lei av svinenakke og sellerirot, men at elevane vart førebudde godt før konkurransen.

Flambert plomme med vaniljeis på menyen, stilfullt servert. Anbefalt drikke er Sunniva presset eple eller Ægir øl Sumbel.
Flambert plomme med vaniljeis på menyen, stilfullt servert. Anbefalt drikke er Sunniva presset eple eller Ægir øl Sumbel.
Tobias Spildrejorde og Sindre Andersen stakk av med sigeren i servitørkampen, og viste difor klasse i både bordekking, servering og gjestebehandling.
Tobias Spildrejorde og Sindre Andersen stakk av med sigeren i servitørkampen, og viste difor klasse i både bordekking, servering og gjestebehandling.

– Saman med elevane frå Medier & Kommunikasjon har dei laga TV-kjøkken. Der har dei fått øve seg på presentasjon, og det har vore nyttig å bli filma for å sjå korleis dei gjennomfører det.

Kampen hamna også på ein måndag rett etter haustferien, så på sundag var alle elevane på skulen for å finpusse på teknikken.

Ikkje tull

Nivået er høgt, og Nistad beskriv det som ein god test før sjølve fagprøven. Elevane fekk råvareliste og tema, og skulle lage ein firerettars meny. Denne er sett opp av servitørane med anbefalt drikke. Menyen bestod av jordskokksuppe, marinert sjøkreps, braisert svinenakke og flambert plomme. Det skulle dømmast av fagfolk, i tillegg til at det var ein open messe med masse publikum som følgde nysgjerrig med.

Hønefoss vant kokkekampen, men dei finkledde gutane frå Gol stakk av med sigeren for servitørkampen. Her kjem oppdekking, servering og gjestebehandling, og ikkje minst menyoppsett, under dømminga.