Tandbergbygget, Hallingdal museum. (Arkivfoto)
Tandbergbygget, Hallingdal museum. (Arkivfoto)

Ekstragåve til museet på Nesbyen

Kulturdepartementet gir 61.830 kroner frå gåveforsterkingsordninga til Buskerudmuseet.

Pengane skal gå til utskifting av tak på Tandbergbygget ved Hallingdal museum.

Arbeidet kjem på om lag 1 million kroner, og ein tredel av kostnadene blir finansiert eksternt. Stiftelsen UNI har gjeve ei gåve på 247.321 kroner til tiltaket. No følgjer Kulturdepartementet opp med ei premiering av den private støtta, og løyver altså 61.830 kroner.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Buskerudmuseet arbeider godt med å skape gode relasjonar til private gjevarar. Det er viktig at det systematiske arbeidet dei gjer blir verdsett. Gåveforsterkingstilskot bidreg til at ein kjem i gang med nødvendig vedlikehald, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland (H).

Gåveforsterkingsordninga for musea vart innført i 2014. Ordninga inneber at staten gir eit tilskot på 25 prosent i tillegg til pengegåver frå private gjevarar og stiftingar. Føremålet er å stimulere til meir privat finansiering av kulturinstitusjonar. I 2016 vart ordninga utvida til å omfatte gåver til musikk, litteratur, scenekunst, visuell kunst og kulturbygg. Det er sett av 45 millionar kroner på statsbudsjettet for 2016 til gåveforsterking.