Mange ville sjå Black Horses under Sundreball laurdag. På biletet er Brita Laa på keyboard og Ronja Offerdal Gjeldokk på gitar.
Mange ville sjå Black Horses under Sundreball laurdag. På biletet er Brita Laa på keyboard og Ronja Offerdal Gjeldokk på gitar.

– Ein song til! Ein song til!

Det var fullt hus då jentebandet Black Horses frå Øvre-Ål stod på scena under Sundreball laurdag.

Velkjende riff frå Deep Purple strøymer ut av høgtalarane. Det tek berre nokre sekund før bandet har full merksemd frå publikum med «Smoke on the water». På fremste rad står små og store born og gjer store auge. Teltet utanfor Sundrehall er fylt opp med folk som har kome for å sjå og høyre.

Godlåtane kjem ein etter ein, og jentene har full kontroll. Bergljot Bjella på bass, Brita Laa på keyboard, Ronja Offerdal Gjeldokk på gitar og Sigrid Lerberg Holm på trommer. Alle går dei i 5. klasse på Nedre-Ål skule.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fans

I publikum er det fleire som har på seg svart t-skjorte med kvit Black Horses-logo. Ei av dei er Beate Flattom Rud, Bergljots mormor.

– Eg fekk t-skjorta til jul, smiler ho lurt.

Ho trur det kjem til å gå bra med bandet framover, viss dei held fram i same stil.

Mormor Beate Flattom Rud kom for å sjå barnebarnet Bergljot Bjella.
Mormor Beate Flattom Rud kom for å sjå barnebarnet Bergljot Bjella.
F.v. Ronja Offerdal Gjeldokk på gitar, Sigrid Lerberg Holm på trommer, Brita Laa på keyboard og Bergljot Bjella på bass.
F.v. Ronja Offerdal Gjeldokk på gitar, Sigrid Lerberg Holm på trommer, Brita Laa på keyboard og Bergljot Bjella på bass.
Konserten vart nøye dokumentert.
Konserten vart nøye dokumentert.
Jentene takkar for seg.
Jentene takkar for seg.
Peder Lerberg Holm fekk ein autograf i panna.
Peder Lerberg Holm fekk ein autograf i panna.

– Dei er gode og verkar veldig trygge på det dei gjer, smiler ho.

Bandet held fram med ein låt av nyare dato, «All about that bass», før dei spelar Hellbillies’ låt «Biologisk bonde».

- Takk for oss, seier dei og går av scena.

Eigen låt

Ein song til! Ein song til!

Applausen vil ingen ende ta når dei fire jentene takkar for seg etter tre låtar. Publikum roper på meir.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ok, me kan ta ein til. Og den har me laga sjølv, seier Bergljot Bjella.

Sigrid Lerberg Holm slår takta med trommestikkene. «What’s wrong» heiter låten, og det er Bergljot som har skrive teksten.

– Dritkult! Kjempebra! Så moro!

Jentene er fulle av adrenalin i det dei kjem ned frå scena. Mange vener og kjende strøymer til for å prate. Nokre vil ha autograf.

– Me var litt nervøse før me skulle på scena, men det gjekk greitt når me kom i gang, fortel Brita.

UKM neste stopp

Jentene fortel at dei har øvd masse. Dei ville starte band, og då vart det lagt til rette på kulturskulen for at dei kunne spela ulike instrument som passar saman i eit band.

– Korleis fann de på band-namnet Black Horses?

– Alle i bandet likar hest og rir masse. Me ville ha eit namn som hadde med hestar å gjere. Bergliot har ein svart hest, så det var slik me fann på det, fortel Ronja.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei fire jentene skal om nokre veker delta på UKM. Då med låten «What’s wrong».

- Det blir veldig spennande, smiler Sigrid.

Stolt manager

Litt lengre bak i lokalet står ein nøgd manager.

– Eg trur nok eg og dei andre foreldra var meir nervøse enn dei på scena, ler Morten Gjeldokk.

Han har den hyggelege oppgåva å legge til rette for bandet.

– Og så er Stein Torleif Bjella med som musikalsk mentor, fortel han.

Manageren meiner det er viktig å ha noko å sjå fram til, slik som UKM.

– Me må vel prøve å få til eit par festivaljobbar i løpet av sommaren og. Men sjølvsagt berre viss jentene vil, smiler Gjeldokk.