Forsamlingslokalet Valhall i Bromma kan bli flytta og bevart.
Forsamlingslokalet Valhall i Bromma kan bli flytta og bevart.

- Ei tomt i Gamle Nes må vere perfekt

Tida er i ferd med å renne ut for det gamle forsamlingslokalet Valhall i Bromma. No kan ein redningsaksjon vere på gang.

– Det er viktig at dette gamle huset blir teke vare på, seier Hans Tørrisplass.

Han representerer Bromma ungdomslag som eig forsamlingshuset frå 1913. Men det har ikkje vore i bruk på mange år. Hallingdal Museum disponerer det til lager. Museet har hatt ei vedlikehaldsavtale med laget i mange år. Dei har fiksa på taket, men har ikkje hatt ressursar til å gjere noko meir. No kan det bli ei løysing, for ungdomslaget har fått ein konkret og seriøs førespurnad frå ein person om å overta det.

Artikkelen held fram under annonsen.

Til Gamle Nes?

Husets framtid var derfor tema på eit møte i ungdomslaget tysdag.

Tørrisplass seier at det ikkje kan stå som det gjer no. I løpet av året avgjer årsmøtet i laget om det skal seljast. Sjølv er ikkje Tørrisplass i tvil.

– Laget har ikkje bruk for huset, og det er heller ikkje avkøyring frå Rv7. Det er ikkje mogleg å bruke det. Men det er viktig at huset blir bevart, og at det skjer i Nes. Ei tomt i Gamle Nes må vere perfekt. For laget er det viktig at det blir teke var på, seier Tørrisplass.

Timeglaset er i ferd med å renne ut for Valhall.
Timeglaset er i ferd med å renne ut for Valhall.
Innanfor denne døra har det vore mykje moro.
Innanfor denne døra har det vore mykje moro.

Stort prosjekt

Valhall er eit omgrep i Nes.

Det var O. Brobakken frå Ål som for 800 kroner tømra opp huset i 1913. Tømmeret vart gitt av gardbrukarar i grenda og køyrt ned med hest. Det var teikna av arkitekt O. Steen som også teikna hovudbygningen, eller Tandbergbygget, på museet i Nesbyen, fortel Tørrisplass. For Bromma ungdomslag var bygginga av Valhall ei stor investering, og laget tok opp eit lån i banken på 2500 kroner.

Det var stor aktivitet på Valhall i mange år. Her vart det arrangert basarar, fester og spelt teater. Festane på Valhall er klassikarar og mykje morosam bygdehistorie er knytt til dette huset.

– Det var ein samlingsstad heilt fram til langt ut på 60-talet, seier Tørrisplass.

No er det grodd ned rundt Valhall.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Timeglaset er i ferd med å renne ut. Det gjeld å finne ei ordning slik at det blir bygd opp igjen. Eg trur alle blir glade om Valhall blir bevart, seier Hans Tørrisplass.