Bjarte Botnen, mangeårig utanriksredaktør i Vårt Land, har alltid vore nysgjerrig og hatt eit ønske om å forstå. Det har også ført han djupt inn i quizens verd, og til påske kom «Botnens spørrebank» ut.
Bjarte Botnen, mangeårig utanriksredaktør i Vårt Land, har alltid vore nysgjerrig og hatt eit ønske om å forstå. Det har også ført han djupt inn i quizens verd, og til påske kom «Botnens spørrebank» ut.

«Eg har sånn respekt for dumme spørsmål»

Bjarte Botnen fann verda då han var i Kongo som FN-soldat og i Berlin etter at John F. Kennedy sa «Ich bin ein Berliner». Quiz-mann vart han ikkje før han fekk eitt brot i ankelen og to i beinet.

Ein grusveg slynger seg i sylskarpe svingar innover mot Raudfjellseter og det indre Vassfaret i Flå.

Bjarte Botnen ventar ved bommen og låser opp. Går framfor til fots opp mot Raudtoppen, hytta som er kalla opp etter kona Ingrid Valeur Botnens glødande hår. Han viser fram bokhylla. Ein heil hyllemeter med Mikkjel Fønhus, forfattaren som brukte nettopp Vassfaret som ramme for mange av romanane sine.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dine eigne år

Ikkje langt frå Raudtoppen ligg ein gøymt attraksjon, fortel den pensjonerte Vårt Land-journalisten, nemleg staden der ein gjetargut, som siste person i Norge, vart drepen av bjørn. Og går ein oppover i lia hamnar ein på Likkistefjellet, eller Hestefjellet, som mange lokale vel å kalle toppen, eller Hestelikkistefjellet, som 990-meteren visstnok eigentleg heiter fordi folk frå gamalt av tok med seg gamle hestar opp dit, ein høveleg plass, og slo dei i hel før dei la dyret ut som åte for bjørn.

– Bjarte kan forferdeleg mykje. Han har meir eller mindre vore eit levande leksikon heile sitt liv, seier kona.

– Kva for spørsmålskategori scorar du full pott på, Bjarte?

– Bjarte kan forferdeleg masse, men er ubrukeleg på sport og gamal film, seier Ingrid Valeur Botnen. – Historie og geografi er favorittkategoriane, medgir Bjarte Botnen.
– Bjarte kan forferdeleg masse, men er ubrukeleg på sport og gamal film, seier Ingrid Valeur Botnen. – Historie og geografi er favorittkategoriane, medgir Bjarte Botnen.
«Botnens spørrebank» kom ut til påske 2016.
«Botnens spørrebank» kom ut til påske 2016.
«Botnens spørrebank» kom ut til påske 2016.
«Botnens spørrebank» kom ut til påske 2016.
Ingrid Valeur Botnen vaks opp med hytte i Nes. At ho og ektemannen Bjarte Botnen enda opp med hytte i Flå, var dermed berre slik det måtte bli.
Ingrid Valeur Botnen vaks opp med hytte i Nes. At ho og ektemannen Bjarte Botnen enda opp med hytte i Flå, var dermed berre slik det måtte bli.
Kvisthaugen seier noko om kor glad Bjarte Botnen er i å hogge ved. Raudfjellseter mot indre Vassfaret er staden å vere når jobben skal gjerast.
Kvisthaugen seier noko om kor glad Bjarte Botnen er i å hogge ved. Raudfjellseter mot indre Vassfaret er staden å vere når jobben skal gjerast.
Bjarte Botnen kommenterte utanriksnyhende i Vårt Land sidan 1981.
Bjarte Botnen kommenterte utanriksnyhende i Vårt Land sidan 1981.

– Historie og geografi, svarar han som fyller 75 i juli.

– Han er heilt håplaus på sport og gamal film. Ubrukeleg, nikkar den halvt år yngre Ingrid.

– Det er fascinerande å sjå korleis du er hengt opp i dei åra du sjølv har levd, seier Bjarte ettertenksamt. – Der er det lett å hugse, for det er ting du har levd med og høyrt om. Alt som er eldre, for ikkje å seie nyare, det er vanskeleg.

Ein enkel kunst?

Kongokrisa på 1960-talet. Lett å hugse. Bjarte Botnen var i det sentralafrikanske landet som éin av 300 FN-soldatar med mål om å skape fred.

Dei hadde kanonar og artilleri og det kjendest eksotisk og eventyraktig. Betalt var det òg, så etter retur hadde Bjarte råd til å delta på eit tre veker langt språkkurs i Berlin. Han kom dit berre dagar etter at den amerikanske presidenten, John F. Kennedy, hadde fortalt folkemengda framfor Vest-Berlins rådhus Schöneberg at «Ich bin ein Berliner». Bjarte kjente på kor dramatisk stemninga var og han berre visste at han skulle bli journalist. Faren, Ludvig Botnen, var redaktør i Firda Folkeblad frå 1934 og stortingsrepresentant for Venstre frå 1961–1969.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg har alltid hatt journalistikk i blodet. Det førte til at eg lenge hadde eit veldig negativt forhold til yrket mitt. Eg at trudde alle som hadde ein far i avis eller som hadde mogelegheit til å jobbe i avis, dei kunne greie å lage innhald, for det var ikkje nokon kunst. Først på mine gamle dagar har eg begynt å sjå at det kanskje ikkje er slik. Du må ha evne og interesse for det, seier Bjarte.

– Får det deg til å sjå annleis på det du har produsert i ditt yrkesliv?

– Nei, det vil vel vere å skryte. Men eg ser at det kanskje ikkje var så enkelt som eg trudde.

Viktige kommentarar

Då Bjarte Botnen fylte 70 år i 2011, skreiv Vårt Land ei sak der folk svarte på spørsmålet «Kva er det med Bjarte Botnen?»

Lesarar, medarbeidarar og pressekollegaer brukte ord som kunnskapsrik, god humor, snill og ein som ser det vesle i det store om mannen som hadde vore utanriksredaktør sidan 1981, og ein bauta i norsk presse.

– Eg vart kalla «verdas dummaste mann» då eg i 1981 slutta i Aftenposten og gjekk tilbake til Vårt Land. Men det var der det gode humøret var. Utanriksredaktør er ein veldig fin tittel, men eg sat ikkje der og leia noko som helst. Stort sett skreiv eg kommentarar. Det syns eg er moro! Eg har vel ei eiga glede av å skrive om ting som kan vere komplisert på ein enkel og grei måte så svært mange kan lese det. Når folk skriv om utanrikspolitikk, kan det vere kjekt å gjere inntrykk på sjefane i Utenriksdepartementet, men kanskje er det flottare om folk flest seier «å ja, er det sånn!» Det er det eg har jobba for, seier Bjarte.

Avgjerande tryn

Eureka-liknande reaksjonar har Bjarte Botnen også utløyst i ei annan spalte i snart 30 år: Dei 60 laurdagsspørsmåla i Vårt Lands «Quiz og tvers» har vorte ein fast post i vekeprogrammet for mange lesarar. Før påske vart boka «Botnens spørrebank» gitt ut, men hadde det ikkje vore for hytta i Flå og eit stygt uhell langfredag i 1987, ville journalisten aldri vorte quiz-mann.

– Eg hadde vore ute og gått på ski og tryna noko så ettertrykkeleg. Redningssentralen kom og frakta meg på snøscooter ned til Nesbyen og det bar vidare til Drammen sjukehus. Det vart eitt brot i ankelen og to brot i beinet. Eg sat med gips til langt oppover då sjefredaktør Hans Erik Matre kom på besøk og me snakka om kva eg skulle gjere. Eg skreiv jo ikkje med beina, som han sa, så eg måtte jo kunne arbeide. Me vart einige om at eg skulle ta desse 60 spørsmåla kvar laurdag, og slik vart det. Det som starta som ei kjedeleg pliktoppgåve fekk etter kvart sitt eige liv. Det ligg kanskje til familien at me likar å halde på med det same lenge. Eg har jo vore hjå same arbeidsgivar i mange år òg. Nye utfordringar er ikkje noko for meg, flirer Bjarte.

Artikkelen held fram under annonsen.

Levert!

Då han var 67 år fekk han slag. Sidan har han ikkje køyrt bil, ikkje ein gong på den einsame grusvegen opp mot Raudtoppen. Hjerneblødinga sette i gong ein prosess som Bjarte framleis ikkje ønskjer velkommen: Ei gradvis nedtrapping av arbeidsmengda og overgang til pensjonisttilværet. Eit sitat frå Hollywood-skodespelar Robert Mitchum har han tilpassa eigen kvardag: «Å skrive små stykke i avis er ikkje noko særleg til verksemd, men det er jo betre enn å måtte arbeide». B

jarte Botnen, som feirar 75 år i juli, vil ikkje slutte å skape.

– Det blir inga feiring. Det er vel ikkje noko å feire heller, det er vel berre å halde seg i live, det. Om eg skal vere heilt ærleg, så er eg ikkje så god på å bli gamal. Eg vil helst vere i arbeid, seier han.

Difor skriv han vidare, mellom anna for Hallingdølens faste laurdagsspalte «Sett uttate» og i spørsmålsform til dei som trimmer hjernen med «Quiz og tvers». I journalistikken heiter det seg at ingen spørsmål er for dumme. Det same har Bjarte opplevd i quizens verd.

– Eg har sånn respekt for dumme spørsmål, for eg har sett så mange gonger at folk som står på og spør om det som kjem opp i hovudet deira får mykje ut av det, seier han.

– Kva er det ultimate quiz-spørsmålet?

– Dei skal ikkje vera for vanskelege. Eg har lagt ned ein del arbeid i å forenkle.

– Dei har blitt mykje betre, tykkjer eg, seier Ingrid. – Før syns eg dei var håplause og eg tenkte at herregud, det er ikkje eit menneske som kan svare på dei. No syns eg dei er litt hyggelegare. Til og med eg greier nokon.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det finst ein spesiell kategori som er særleg flott: Det spørsmålet ingen kan svare på, men der svaret er artig og får folk til å bryte ut «Å ja, var det det han gjorde» eller «Var det det han heitte», smiler Bjarte.

Han tenkjer seg om.

– Det kan jo høyrast ut som om quiz-boka me har gitt ut er noko viktig, men det var berre noko nokon i Vårt Lands forlag fant ut at det var lurt å lage og køyre ut i samband med påska. Skal du på påskeferie, tek du jo ikkje med deg dyre bøker, du tek med deg ein kriminalroman. Eller ei lefse med spørsmål. Her er ti spørsmål om Martin Luther, seier han og blar i eigen spørjebank, – det var ikkje dumt.

Pause.

– Du veit, seier han, ser opp og gliser, – dei beste orda våre er: Det er levert. Ferdig med det!

* Aktuell med: Quiz-boka ”Botnens spørrebank” som kom påsken 2016.

* Journalist

* Skribent i Hallingdølen

* Kjem frå Florø, Norges vestlegaste by

* 1965-1979: Vårt Land

* 1979-1981: Aftenposten

* 1981-pensjonsalder: Utanriksredaktør Vårt Land

* Har rapportert frå Afghanistan i fleire omgangar

* Hytteeigar i Flå

* Fyller 75 år i juli