Borgar Storebråten har vore i studio for å spele inn plate. Torsdag opna han årets Sundreball, her flankert av Sandra Erstad og Øyvind Ekse.
Borgar Storebråten har vore i studio for å spele inn plate. Torsdag opna han årets Sundreball, her flankert av Sandra Erstad og Øyvind Ekse.

– Draumen er å bli lei mine eigne låtar

Borgar Storebråten opna Sundreball med hatten på snei.

Ein time før Storebråten skulle entre scenen i Sundrehall, kjende han at det kribla i magen.

– Eg har sove dårleg i éi veke, men det er godt å kjenne på at eg er stolt av det eg skal presentere. Eg har tru på låtmaterialet. Eg har aldri brukt så mykje tid, pengar og ressursar på noko eg har gjort, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Opp av sofaen

Han er full av lovord om gjengen som inviterer til musikkfestival på Ål midt på vinteren.

– Dette er ei gåve til folk. Viss folk vil ha eit kulturtilbod håpar eg dei reiser seg frå sofaen denne helga. Slike festivalar er avgjerande for at slike som meg skal få sjansen, seier han.

Svenkerud og Nashville

Storebråten vil satse på musikken. I sommar var golingen i studio. Mykje vart spelt inn i låven til Tor Magne Hallibakken, men finpussen – krydderet av feler og mandolinar – vart spelt inn i Nashville. Til hausten skal debutplata i handelen.

Borgar Storebråten spelar musikk med røter i amerikansk folkemusikk.
Borgar Storebråten spelar musikk med røter i amerikansk folkemusikk.

– No er det alt eller ingenting. Det er i grunnen det plata handlar om også. Mange av tekstane handlar om reise og forflytting. Innspelinga har tatt meg med på ei fantastisk reise – eg har fått spele med fleire av mine største heltar, både på Svenkerud og i Nashville. Eg er stolt av det me har laga.

Kom ikkje heim som cowboy

Musikken har røter i amerikansk folkemusikk. Nashville Tennessee er verdshovudstaden for køntri og amerikana.

– Eg var inne i ein butikk og prøvde både slangeskinnsstøvlar og hattar. Men eg våga ikkje å kjøpe – det vart litt mykje cowboy etter min smak. Men heime att i Oslo fann eg ein Stetson-hatt som har meir amerikanastil enn køntri, smiler han.

Målet med turen til Nashville var likevel ikkje å kjøpe klede, men å spele inn i Hilltop Studio.

– Eg var ikkje så høg i hatten då eg gjekk inn i studioet til Glen Duncan, ein mann som har jobba med både Shania Twain, Faith Hill og Dolly Parton. Det var stort å få anerkjenning av ein slik mann. Han hjelpte oss å gjere musikken meir stilrein og tilførte plata noko me ikkje kunne fått heime, seier Storebråten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stetsonhatt i klasserommet

Storebråten er busett i Oslo. Der går han siste semester på lærarstudiet.

– Om eg ha klasserommet som arbeidsplass frå hausten? Det ville vere heilt OK, men målet er å ta musikken så langt som råd. Draumen er at eg skal bli lei av mitt eige låtmateriale.

Til hausten spelar bandet releasekonsert både i Oslo og i Hallingdal. Men alt til sommaren blir dei å høyre under Stølsrocken i Hemsedal.