Tubfrim: Nedlagt etter 95 år.

Det var lite å verje seg med mot tuberkulosen - i Dølaminne får du historia

Tuberkulosen var ein frykta sjukdom på slutten av 1800-talet og dei første tiåra av det nittande hundreåret.

På 1800-talet var «tæring» ei av dei vanlegaste dødsårsakene hjå vaksne menneske i Hallingdal. Men alt i alt var det færre tilfelle i Hallingdal enn elles i landet, skriv Sigrid Onsgård Sagabråten i årets Dølaminne.

Betre etter kvart

Det var lite å verje seg med mot tuberkulosen, men det var tidleg kjent at hygiene og sjukdom hadde ein klar samanheng. Fattigdom, dårleg hygiene, trongbudde og fattige menneske var særleg utsette. Mange meinte seg dødsdømt dersom dei fekk sjukdommen, men legane ville at dei skulle søke lege straks og behandling settast i gong. Og det var betre etter kvart.

Artikkelen held fram under annonsen.

Torvald Sundsdal var Mr. Tubfrim i mange år. Biletet er frå ca. 1970.

Tubfrim

På denne bakgrunn vart Tubfrim stifta på Nes i 1928. Formålet var å omsette brukte frimerke for å skaffe pengar til tuberkulosesaka. Dette var i ein periode med stor frimerkebruk og mange samlarar. Men etter kvart tok elektronisk og digital mail over, saman med mobiltelefoni, sms, mms og andre sosiale medier. Og me veit korleis det gjekk: I juni i år vart Tubfrim lagt ned etter 95 års drift.

Kunstnarportrett

Dette er to av dei mange interessante artiklane i årets Dølaminne – Årbok for Hallingdal. Den har Knut Bry som kunstnarportrett, fotografen frå Hovet som vart arrestert for «spionasje» på Lesvos. Det er gjort eit allsidig utval frå dei mange hundre tusen bileta han rår over; bileta viser hans allsidige interesser, også hans sterke engasjement for naudstilte flyktningar på Lesvos. Hans bilete av Stein Torleif Bjella pryder også framsida.

Variert

Elles er det mange godbitar på innhaldslista. Sønnev Skrede skriv om ein fottur gjennom Hallingdal i 1873, her er historia om Hallingdals Forenede Dampskibsselskap, om Robru, om Tingstugu på Sundre, om Vassfaret så vel som Garnåsområdet – eit historisk fyrtårn i Nesbyen kommune. Hans Flaten fortel om jul i Hemsedal i 1870.

Julereia gjennom tunet. Nils Bergslien sitt måleri. Frå artikkelen om jul i Hemsedal i 1870.
Ola Kortgard vart mykje nytta som auksjonarius, dette er frå Ål-auksjonen 31. juli 1976.

Fargeklatten

Hallgrim Berg har skrive ein artikkel om Ola Kortgard frå Ål – spøkefugl, moromann, auksjonarius, skodespelartalent og i det heile tatt ein fargeklatt det gjekk mange historier om, «sanne skrøner» som han kalla det. «Ola Kortgard var i det heile som ein sjølvgåande motor i festkulturen og bygdemiljøet. Det er trulege den kreative galskap, dei mange ustyrlege innfall og morosame påfunn han blir hugsa for. Han var overdådig sosial, spandabel og snill. Han hadde og sine seriøse tankar. På botnen var han ein djup menneskekjennar,» skriv Hallgrim Berg.

Vår nære fortid

Konklusjon; Mykje og godt lesestoff i denne boka på 210 sider av høg kvalitet i innhald så vel som utstyr. Eg har sagt det før og seier det gjerne igjen; Dølaminne er ei viktig bok for den som ønskjer å vite noko om vår nære – og litt fjernare – fortid. Og årets bok er ikkje noko unntak.

Dølaminne 2023. Årbok for Hallingdal. Hallingdal Museum / Hallingdal Historielag.
Bokfakta

Dølaminne – årbok for Hallingdal

Marit Mehlum m.fl. (red)

Lokalhistorie

Hallingdal Historielag / Hallingdal Museum