Celine Irgens Aagaard har lansert sitt eige klesmerke, med inspirasjon henta frå Geilo og fjellet. «Envelope 1976» skal vere berekraftig, tidlaust og noko ho kan vere stolt av.

Designaren

Celine Irgens Aagaard er tidlegare journalist, forfattar og redaktør med base i Oslo. No fokuserer ho på klesmerket Envelope 1976. Inspirasjonen hentar ho frå Geilo.

CELINE SITT VED frukostbordet med sonen Silas (10), på familiehytta på Geilo. Silas har nettopp svidd ei brødskive i brødristaren, og Celine skjer ei ny til han. Mormor og morfar bygde «Irgens hytte», for mange år sidan, og Celine har vore der frå ho var lita. Hytta har tre store vindauge med utsikt mot Geilo, krimskrams på veggane og ullsokkar frå dagen før til tørk på ei snor ved omnen.

– Her er det veldig nedpå. Berre stå på ski, gå turar, nesten ikkje dusje. Eg har aldri vore ei som har vist noko særleg av familie- eller privatliv på offentlege kanalar, så eg trur mange som følgjer meg på sosiale medium hadde vorte overraska om dei hadde sett meg her.

Artikkelen held fram under annonsen.

På Geilo lærte ho seg å gå på ski, stå på snøbrett og å bade om vinteren. Frå dei snødekte fjella, den klare lufta og fargane i naturen har ho no henta inspirasjon til det som skulle bli hennar eige klesmerke.

Irgens Hytte vart bygd for mange, mange år sidan, og har vore i familien til Celine i generasjonar. Lausøyre frå ulike tidsepokar heng på veggane, og sjølv om hytta har vorte pussa opp, har lite endra seg sidan Celine var lita.

– For eit par år sidan slutta eg i Aller, der eg hadde jobba i 18 år. Så jobba eg litt som konsulent for ein del merkevarer, men etter ei stund begynte eg å merke at eg fekk motebransjen litt i halsen. Det er så lite berekraftig å produsere klede, og eg hadde vore så inne i det miljøet så lenge. Det er så store mengder med ting som skal ut, ut, ut, det er eit så enormt trykk. Så eg bestemte meg for å prøve å skape noko annleis. Noko meir berekraftig.

Ho ser problematikken med å kritisere motebransjen for ikkje å vere berekraftig, og så på sett og vis bidra til problemet med å designe meir klede. Så ler ho og siterer Petter Stordalen frå då han kjøpte reiseselskapet Ving: «Det er betre med dobbeltmoral, enn ingen moral».

– Her er det veldig nedpå. Berre stå på ski, gå turar, nesten ikkje dusje på ei veke.

– Eg gjer i det minste eit meir berekraftig tilbod tilgjengeleg for kunden. Det bergar sjølvsagt ikkje verda, men det er hakket betre enn mykje anna i klesindustrien. Resirkulert ull og kasjmir, ei veske som det ikkje finst to like av, fordi me lagar ho med skinnrestar. Remser med skinn dei på fabrikkane berre hadde kasta elles, seier ho.

KLEDA I DEN fyrste kolleksjonen har namn frå storbyar rundt om verda. Kairo, Paris, Istanbul, Houston — og Geilo. Neste år kjem plagg med namn som Vestlia, Hardanger og Vidda.

– Me har ikkje hatt høve til å tilsette oss sjølve i selskapet enno, sier Celine Irgens Aagaard. Det tek tid å få eit klesmerke på beina, men dei er godt igang, og Celine har arbeidsvilje som få.

– Me har brukt bilete frå Geilo og så har eg sett mykje i gamle familiealbum her på hytta. Mormor gjekk på ski i skjørt og ei slags dressjakke. Vestlia er ein blazer inspirert av henne. Ein blir jo litt nostalgisk når ein kjem hit — hytta er gamal og har pynt frå då mormor og morfar levde, samstundes som ho er rusta opp i nyare tid, seier ho.

Og det er litt der kjernen til Envelope 1976 ligg også. Aagaard vil designe tidlause plagg som ein ikkje treng å rydde vekk når sesongane skifter. Noko ein ikkje blir lei av etter ein sesong, og noko ein kan bruke gjennom heile året.

– Me gjer i alle fall eit meir berekraftig tilbod tilgjengeleg for kunden.

– Det skal ikkje gå ut på dato, og ein skal kunne bruke det på fleire måtar. Kleda kostar jo litt, men eg trur ikkje folk forstår heilt kor dyrt det er å produsere heller. Når me designar ein kjole og får han produsert, kan det hende me berre lagar 30 eksemplar av han. Eg har venninner som spør meg om dei kan bestille det og det plagget, og då må eg seie at det kan dei sjølvsagt, men at det ikkje er sikkert dei får tak i. Det er jo betre, for då lager ein ikkje meir enn det som blir seld.

Artikkelen held fram under annonsen.

DEI ER I startfasen med Envelope 1976, og som med alt anna, lærer ein etter kvart som vegen blir til.

– Me har berre halde på eit år, og ein blir tryggare på kva som DNA-et i Envelope med tida. Me spør oss sjølve heile tida om kvifor me tek dei vala me tek, og så er me opptekne av å vera opne på korleis me jobbar. Dei som kjøper kleda skal vite at dei er produsert på ein berekraftig måte. Me skal ikkje skjule noko.

Når ho kjem opp til Geilo, endrar ho seg. I Oslo er det eit evig mas, her får ho ro til å puste. - I sitje i denne stolen og berre sjå ut på fjella, sjølvsagt blir ein inspirert, seier ho.

Då ho hadde ulike jobbar i Aller Media, sjonglerte ho også annan jobb ved sida. Små designsamarbeid, forfattarskap og liknande. Ho har alltid vore glad i å jobbe mykje, og det kjem godt med for ein gründer.

– Det blir jo ikkje akkurat mindre jobb, nei. Det er alltid hundre ting å gjere, og det er så mykje meir enn det ein ser. Me fiksar skisser, teikningar, produksjon, sal — heile sulamitten. Berre det å tilpasse fasongen på ein genser i ulike storleikar kan ta ei evigheit. Eg er jo ikkje eingong tilsett i selskapet. Slikt har me ikkje hatt råd til. Det er ganske sjukt, ler ho.

No har Celine snakka om jobb, mote og klede i ein god time, og sonen Silas begynnar å bli utolmodig. Ho har lova han ein tur i bakken før dei skal sette seg på toget attende til Oslo, og no er tida knapp. Sjølv tidsoptimisten Celine begynnar å bli stressa. Medan me tek bilete, skriv Silas i hytteboka.

Det er lett å merke at Celine er van med å stå framfor kameraet. Ho ter seg som om ho aldri har gjort noko anna. Silas ser bort på ho frå skrivinga, og seier «No smiler du rart, mamma». Celine ler høgt. Her er det ikkje mogleg å kome seg unna med posering. Eit par minutt seinare tek dei på seg tjukke genserar og yttertøy. No skal dei ut i den klare, kalde dagen og nyte fjellufta så lenge dei klarer, og det er ingen tid å miste.

Celine hentar inspirasjon frå gamle familiealbum og hyttebøker. Her har ho på seg mormoras votter, saman med eiget design.
Frå den klare, kalde lufta på fjellet, den blå himmelen og kvite snøen har Celine designa klede med namn som Geilo, Hardanger, Vidda og Vestlia.
Når ho kjem opp til Geilo, endrar ho seg. I Oslo er det eit evig mas, her får ho ro til å puste. - I sitje i denne stolen og berre sjå ut på fjella, sjølvsagt blir ein inspirert, seier ho.
Celine Irgens Aagaard har lansert sitt eigne klesmerke, med inspirasjon henta frå Geilo og fjellet. «Envelope 1976» skal vere berekraftig, tidlaust og noko ho kan vere stolt av.
Når ho kjem opp til Geilo, endrar ho seg. I Oslo er det eit evig mas, her får ho ro til å puste. - I sitje i denne stolen og berre sjå ut på fjella, sjølvsagt blir ein inspirert, seier ho
Celine Irgens Aagaard: N/A