Frode Alnæs.
Frode Alnæs.

Dansar med strenger

Fryd scene inviterer til ein gitarkveld av og med Frode Alnæs.

Måndag kjem Frode Alnæs til Fryd scene, som denne gongen er flytta til Sundrehall. Med seg i gitarkoffertane har han ei splitter ny konsertframsyning, ei personleg og underhaldande reise gjennom eige liv med gitaren som følgjesvein. Eit livslangt venskap med instrumentet som var trøyst når håret fall av som 11-åring, og fram til i dag der han kan sjå tilbake på ein lang karriere som komponist, artist og bejubla gitarist. Gitaren og eit godt utval gitaristar vil sjølvsagt bli hylla (og nokon blir nok sikkert hersa litt med), alt etter kva Alnæs finn for godt. Når han no vil danse med strengene sine ønskjer han å fortelje historier som rører oss, anten dei gleder oss og får oss til å le, eller dei får oss til å turke ei tåre. Og sjølvsagt blir det mange store musikalske stunder.

Med gitaren som ven, trøyst, gledesspreiar, reisefølgje og kunstnarisk uttrykk har Frode Alnæs vore ein tydeleg musikar gjennom snart 35 år. For dei som vaks opp på 1980-talet var Dance with a stranger ein del av lydsporet frå pubertets- og tidleg vaksenår. Dei var store stjerner på den norske pophimmelen, og han var «sjefen» i bandet. Som komponist er han ansvarleg for nokre av dei største suksessane i norsk pophistorie, som Long December Night, Everyone needs a friend, Invisible man og verdskjende Vitae Lux. Både under og etter Dance with a stranger-tida har Frode Alnæs har hatt suksess som låtskrivar og humorist.

Artikkelen held fram under annonsen.

No står han på Fryd scene heilt aleine. Han er musikalsk ansvarleg, spelar alle rollene både som gitarist, songar og forteljar.