Helga Springgard og Vetlie Risdal Liahagen vann dans hardingfele klasse C.
Helga Springgard og Vetlie Risdal Liahagen vann dans hardingfele klasse C.

Dansa seg til topps

Jubelen stod i taket då Helga Springgard og Vetle Risdal Liahagen laurdag kveld vart ropt opp som vinnarar i dans hardingfele klasse C på Landskappleiken på Geilo.

Det unge danseparet frå Ål spel og dansarlag hadde god grunn til å juble. For på Landskappleiken på Røros i fjor gjekk det skikkeleg skeis. Men i staden for å miste motivasjon har dei trena hardt, og laurdag kveld fekk dei løn for strevet.

I konkurranse med 12 andre dansepar, vann Springgard og Risdal Liahagen med hallingspringaren sin. Bak dei følgde Marianne Tvitekkja med fylgje frå Tinn og Tone-Anne Tveiten og Even Ellegård Westeng frå Gransherad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei unge hallingane har markert seg sterkt på dansefronten dei siste åra. Denne gongen var telemarkingane hardare å slå. Men fleire hallingpar følgde på lista:

Vebjørn Jøtun Fauske og Kristin Vestenfor, Gol vart nummer fire. Deretter følgde Olav Kvåle Myksvoll og Mari Resset Møllerplass, Gol. Ragnhild Fuglesteg Luksengard og Eivind Vestenfor, Ål/Gol delte 10.-plassen med Ingrid Svensgård med fylgje frå Ål.

I lausdansklassen for dei under 18 år, tok Vebjørn Jøtun Fauske, Gol ein fin tredjeplass. Vetle Risdal Liahagen, Ål vart nummer fem, Eivind Vestenfor, Gol nummer sju og Henrik Opheim Berg, Ål nummer 10. Mikkel Aasberg Arnesen, Geilo tok 17.-plassen.